nyhende

Tysdag og onsdag er det venta til dels svært mykje regn på Vestlandet på grunn av ei atmosfærisk elv. Kart: Meteorologisk Institutt
Tysdag og onsdag er det venta til dels svært mykje regn på Vestlandet på grunn av ei atmosfærisk elv. Kart: Meteorologisk Institutt

Sveio ser ut til å sleppa unna det verste

Frå tysdag morgon til onsdag kveld er det sendt ut ei rekke farevarsel for både mykje regn, flaum og skred på Vestlandet. Sveio ser ut til å få ein gode del mindre regn enn midtre og indre strok, der farevarsla no er både oransje og raude.

Publisert Sist oppdatert

SISTE: Utover tysdagen har det eine farevarselet etter det andre skifta farge. Sveio ser framleis ut til å sleppa unna med mindre regn enn mange andre stader på Vestlandet. Har du planar om å ferdast på Vestlandet og delar av Rogaland dei neste døgna, kan det vera lurt få med seg desse oppdateringane:

Meteorologisk institutt og NVE har oppjustert farevarsel om nedbør, flaum og skred til raudt og oransje nivå for store delar av Vestlandet. I tillegg til dei oransje nedbørsvarsla er det sendt ut gult farevarsel for store delar av dei andre delane av Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal

Flaumfaren er oppgradert til raudt og oransje nivå frå og med onsdag ettermiddag. Jordskredfare er på oransje nivå frå tysdag, i tillegg til raudt snøskredvarsel høgt til fjells. Flaumtoppen er venta å koma onsdag kveld eller torsdag. I det oppdaterte farevarselet er også Sauda og Suldal i Rogaland lagt til.

Mengda med nedbør som er venta er på same nivå som ekstremvêret Jakob, og det kan bli omfattande skadar.

Du kan halda deg oppdatert på mellom anna Meteorologisk institutt  og Varsom.no.

Gult farevarsel i Sveio

Teksten under vart publisert måndag ettermiddag og gjeld framleis for Sveio:

Varsla gjeld frå tysdag morgon til onsdag kveld, og det er også meldt aukande vind til opp i stiv kuling i denne perioden. Årsaka er mange små lavtrykk som kjem tett på kvarandre og dannar det meteorologane kallar ei atmosfærisk elv.

Det som gjer dei atomsfæriske elvane skumle, er at dei gjerne flyttar seg lite når dei treff land, og lagar enorme mengder regn over lengre tid på eit lite avgrensa område.

Du kan lesa meir om fenomenet her.

Opp mot 60 mm onsdag

Tysdag ser det ut til å koma normalt med regn fram til i 18.00-tida. Frå då og fram til midnatt er det meldt opp mot 15 mm regn.

Natt til onsdag ser ut til å bli den våtaste perioden, og varselet seier at det det kan bli vel 25 mm dei første seks timane av døgnet. Onsdagen sett under eitt kan det koma som mykje som nesten 60 mm regn.

Det er likevel lite samanlikna med andre område på Vestlandet og Møre og Romsdal. Lokalt kan det koma opp i 80-120 mm regn på 24 timar. Enkelte stader kan få opp i 200 mm nedbør i løpet av desse dagane.

Kan få 2 meter snø

Snøgrensa ligg rund 1.000 meter over havet. Kjem det 200 mm over den i løpet av tysdag og onsdag, vil det koma heile 2 meter med snø.

Vassføringa vil auka i bekkar og mindre og mellomstore elver i løpet av tysdag på grunn av mye nedbør og snøsmelting. Dette kan føra til lokale oversvømmingar fordi det er høg vassmetning i bakken, is i vassdraga og redusert infiltrasjonskapasitet i bakken på grunn av tele.

Anbefalingar

  • Hald deg oppdatert om situasjonen.
  • Tilpass farten og køyr etter forholda.
  • Vurder behov for førebyggande tiltak.
  • Sikra og flytt verdiar bort frå utsette område (for eksempel i kjellarar, bilar, campingvogner og liknande langs elver og bekkar).
  • Rens stikkrenner, kummar og andre vassvegar for snø, is, jord, grus, kvist og løv, slik at vatnet kan renna uhindra der det vanlegvis renn.
  • Hald deg unna elver og bekkar med stor vassføring.

Konsekvensar

  • Lokalt vanskelege køyreforhold grunna overvatn og fare for vassplaning.
  • Lokale oversvømmingar og erosjonsskadar i bekkar og mindre og mellomstore elver.
  • Det er fare for overvatn i tettbygde område, lokale oversvømmingar, bekke- og elveløpsendringar og jord- og flaumskred der regnbygene treff.
  • Fare for stengte vegar og/eller overvatn ved bekke- og elveløp
  • Nokre reiser vil kunna få lenger reisetid.
Powered by Labrador CMS