nyhende
Sveio Senter sikra seg meir areal
Sveio Senter AS har no kontroll over nesten alle dei næraste naboeigedomane nord for dagens kjøpesenter.
Det var i fjor haust at Sveio Senter AS fekk tilslaget på Sveiogata 60 etter at tidlegare eigar, Sveio kommune, la eigedomen ut for sal. Prisen på den litt over eit mål store eigedomen, som mellom anna rommar ein einebustad, vart 2.750.000 kroner.
Prestebustad
Eigedomen har vore i kommunen sitt eige, og har mellom anna vore prestebustad. Men etter at staten fritok kommunane for plikta til å halde bustad til prestane, vart denne lagt ut for sal.
Eigedomsselskapet Sveio Senter AS har no kontroll over nesten alle dei nærmaste eigedomane på nordsida av bygget, med unntak av eit ubygd areal som grensar til Sveiogata 60 i aust og strekk seg ned mot fylkesvegen i vest. Dette areal er det framleis Sveio kommune som eig, ifølgje Grunnboka.
Taus om kjøp
Vestavind har forsøkt å få styreleiar i familieselskapet Sveio Senter AS, Per Sølve Lier Habbestad, i tale om eigedomskjøpet, utan hell.
Etter det Vestavind erfarer har ikkje eigedomsselskapet snarlege planar om å utbygging av kjøpesenteret, men at kjøpet handlar om å sikre seg utviklingsareal for framtida.
Det er frå før kjent at Sveio Senter AS er interessert i å tilby lokale til Vinmonopolet AS, som etter planen skal etablere butikk i Sveio sentrum før sommaren, men det er ikkje grunn til å tru at kjøpet av Sveiogata 60 har direkte samanheng med det.