nyhende

Vinmonopolet sin butikk i Sveio kjem på Sveio senter.ARKIVFOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Vinmonopolet sin butikk i Sveio kjem på Sveio senter.

Sveio Senter for raskt ute: — Kontrakten skal ut på anbod

Sveio Senter publiserte torsdag på sin Facebook-side at Vinmonopolet AS skal etablere seg der. Men det er ikkje sikkert det blir slik.

Publisert Sist oppdatert

«Da er det endeleg offisielt! Vimonpolet etbalerer seg på senterer i 2023» skreiv Sveio Senter på sin Facebook-vegg, i samband med at dei delte ordførar Linn Therese Erve (Ap) sin eigen melding om nyhenda på sin Facebook-vegg.

Må konkurrere i anbodsprosess

Det er berre eit problem. Det er at Vinmonpolet er statleg eid, og kan følgeleg ikkje skrive leigekontrakt utan at det har vore ein offentleg anbodsrunde først.

— Det er hyggeleg om Sveio Senter vil komme med eit tilbod til oss, men me er ikkje der at me har starta forhandlingar om å leige av butikkareal, seier kommunikasjonssjef Jens Nordahl i Vimonopolet AS.

«Da er det endeleg offisielt! Vinmonopolet etablerer seg på senteret i 2023» skreiv Sveio Senter på sin Facebook-vegg. Men det er ikkje sikkert at nettopp dei skal huse det nye polutsalet i Sveio. Meldinga er no fjerna.SKJERMDUMP FRÅ FACEBOOK

Han seier at ein leigekontrakt skal lysast ut på anbod, og at alle som er interessert i å leige ut lokale i Sveio sentrum vil få høve til å gi eit tilbod.

Har snakka mykje med senteret

Nordahl legg derimot ikkje skjul at styreleiar og medeigar Stig Roar Habbestad i Sveio Senter har vore ein viktig samtalepartnar i prosessen med å vurdere Sveio, saman med tidlegare ordførar Jorunn Skåden og dagens ordførar Linn Therese Erve.

— Når me vurderer nye stadar hentar med mykje informasjon frå Statistisk sentralbyrå, men den siste 20 prosentane av informasjonen me treng får me frå ei som driv handel på stadane, seier Nordahl.

Han er elles glad for at Sveio Senter er interessert.

— Sveio Senter vil vere ein fin lokasjon, for det er utvilsamt der ferdast flest handlande, seier han.

Han seier også at det er på det reine at det er i Sveio sentrum eit nytt pol vil kome, rett og slett fordi det er der det er mest handel i kommunen frå før.

Facebook-meldinga til Sveio Senter låg ute ei kort stund, før den vart fjerna.

Stig Roar Habbestad i Sveio Senter seier til Vestavind at den omtalte Facebook-publiseringa var ein intern glipp i form av ei mistyding då nyhenda om at Vinmonpolet skal etablere seg i Sveio kom, og at dei sjølvsagt er kjent med kva prosessar som ligg til grunn for offentlege leigekontraktar.

Powered by Labrador CMS