nyhende
Sveio-selskap slått konkurs
Bemanningsselskapet Offshore Support Nord AS skulda staten meir enn 2,1 millionar kroner då det vart slått konkurs denne veka. No har fleire av dei tidlegare tilsette fått kontrakt med eit nytt selskap med same eigar.
Bemanningsselskapet Offshore Support Nord AS, som har forretningsadresse i Sveio er slått konkurs. Selskapet vart stifta av sveibuen Jørgen Reed i 2015, og har formidla utanlandsk arbeidskraft til mekanisk industri, mellom anna til verft Sunnhordland. På det meste skal selskapet ha hatt 20 tilsette. Selskapet skal ikkje ha hatt tilsette på konkurstidspunktet.
Fekk to utsettingar
Konkursen var eit faktum tysdag. Det etter at Skatteetaten hadde sendt konkurskrav til Haugaland og Sunnhordland tingrett. Og etter at selskapet, ved styreleiar og eineeigar Jørgen Reed, i forkant hadde fått retten med seg på å utsetje konkurs-spørsmålet to gonger, i eit forsøk på gjere opp for seg. Selskapet har mellom anna meint at det var fleire innbetalingar til Skatteetaten dei ikkje hadde fått godskrive. Men skuldnaren erkjende i det tredje rettsmøtet at kravet frå Skatteetaten likevel var rett, og motsette ikkje at det vart opna konkurs i selskapet. Haugaland og Sunnhordland tingrett har lagt til grunn at saksøkaren har eit forfalle krav som det ikkje er stilt sikkerheit for.
Skulda 2,1 millionar
På tidspunktet for konkursen skulda selskapet staten, ved Skatteetaten, meir enn 2,1 millionar kroner. Det dreiar i følge ei kjenning frå tingretten om uteståande arbeidsgivaravgift, gebyr, forseinkingsrenter og meirverdiavgift.
«Det er ikkje grunn til å anta at skuldnaren likevel er solvent og kan gjere opp gjelda med eigne inntekter eller eigendelar, eller at betalingsproblema er mellombelse» heiter det i retten si kjenning.
Første skiftesamling vil finne stad i tingretten sine lokale på Stord 30. juni. Advokat Eline Øvstedal Aarskog er oppnemnd som bustyrar.
— Råka av pandemien
Det har ikkje lykkast Vestavind å få ein kommentar frå styreleiar og eigar Jørgen Reed, men selskapet sin advokat, Thor Arne Reitan, seier at det er koronapandemien som velta selskapet, då det vart mindre arbeid samstundes som det laup på høge kostnadar.
På det meste, i 2019, omsette selskapet for nesten 19 millionar kroner, men gjekk med om lag 1 million kroner i underskot same år. Året etter fell omsetnaden til cirka 10 millionar, og årsresultatet enda med eit underskot på 1,6 millionar kroner.
Ifølgje advokat Reitan er tidlegare tilsette i det konkursråka selskapet allereie overført til selskapet Offshore Support Vest AS, noko som ifølgje Reitan har vore del av ei planlagd restrukturering.
Også det nye selskapet er stifta Jørgen Reed, som også eig alle aksjane i selskapet som driftar i same segment som det Offshore Support Nord AS, altså mekanisk industri. Ifølgje Reitan har dette selskapet planar om bli ein leverandør av arbeidskraft innan fleire fagfelt etter kvart.
— Det er eit skrikande behov etter arbeidskraft der ute no, slår Reitan fast.