nyhende
Sveio-rådmannen går ut i permisjon
Jostein Førre (44) tek permisjon frå stillinga som rådmann i Sveio kommune komande haust. Ingunn Toft (44) blir konstituert i stillinga.
Kommunestyre-møtet i Sveio førstkomande måndag blir det siste i år kor Jostein Førre tek plass i rådmannstolen ved sida av ordførar Linn Therese Erve (Ap).
Pappa-permisjon
Det ligg ingen dramatikk bak permisjonen, tvert om. Det er ei hyggeleg familieauke som ligg til grunn for at Førre trer til side eit lite halvår.
44-åringen blei far for fjerde gang for ikkje så lenge sidan, og skal ut i pappapermisjon i perioden frå 15. august og ut året. Det er første gong Førre har permisjon frå stillinga som rådmann i Sveio etter at han blei tilsett våren 2017.
— Men pappapermisjon har eg hatt tre gonger tidlegare, før eg kom til Sveio kommune, fortel han.
Toft konstituert
Ingunn Toft (44), som i dag er kommunalsjef for helse og omsorg i Sveio kommune, er konstituert i stillinga som rådmann i Førre sitt fråvære.
— Ho vil såleis overta det daglege ansvaret med å leie kommunen, førebu politiske saker og iverksette vedtak. Til hjelp i dette arbeidet har ho, som eg, dei andre leiarane med seg, presiserer han.
— Let ein fast tilsett toppleiar i ein kommune augo heilt for kva som rører seg i kommunen, sjølv om han er i permisjon?
— Eg er jo interessert og vil sjølvsagt følgje med på Sveio, men ikkje ha noko aktiv rolle. Familien ser fram til at eg har meir fokus på dei enn kva det har vore. Det gler eg meg til, seier han.
Eidsvåg blir Toft-vikar
Når Ingunn Toft trer inn som konstituert rådmann, vil Kjartan Eidsvåg tre inn som konstituert kommunalsjef for helse og omsorg.
39-åringen har tidlegare leia flyktningarbeidet i kommunen, og er i dag koordinator for forbetringsarbeid i kommunen. Den siste tida har han mellom anna leia arbeidet med omsorgsteknologi i kommunen.