nyhende
Sveio-politikarar vil ha ekstraordinært utbytte frå Haugaland Kraft
Seks Sveio-politikarar, frå partia Høgre, KrF, Sp og Frp, tek no til orde for at Haugaland Kraft skal dele ut ekstraordinært utbytte til kommunane, som igjen kan brukast som til støtte ibuarane si straumrekning.
Det er Lars Einar Hollund (H), John Kristian Økland (H), Mikal Møller Hovda (H), Jarle Jacobsen (KrF), Monica Valen (Sp) og Rune Teikari (Frp) som står bak forslaget. Det kjem i form av ein interpellasjon som skal handsamast av Sveio kommunestyre måndag kveld.
Tidenes dyraste straum
I interpellasjonen peikar dei på at sveibuen i 2021 opplevde tidenes høgaste straumprisar, og at mange har og har hatt utfordringar med å betale straumrekningane sine, då dei har små mogelegheiter til å endre straumforbruket sitt.
Dei viser vidare til at dei som tener stort på høge straumprisar er kraftselskapa som vil levere høgare overskot, noko som igjen gir eigarane mogelegheit for høge utbytte.
— Sveio kommune er ein av mange kommunar som eig Haugaland Kraft. Alt tyder på at dei høge straumprisane også vil resultere i eit stort overskot i Haugaland Kraft. I normale driftsår blir utbytte frå Haugaland Kraft justert etter eit gjennomsnitt over fleire driftsår for å kunne ta omsyn til låge straumprisar og selskapet sine behov for investeringar. Men 2021, og mest sannsynleg også 2022, blir ikkje normale driftsår grunna dei høge straumprisane, meiner interpellantane.
Støtte til straum
Dei meiner at eigar-kommunane difor bør sjå på mogelegheita til å ta ut eit vesentleg større utbygge enn det som er normalt, og at dette ekstraordinære utbyttet for Sveio kommune sin del, kjem til gode i form av støtte til straum.