nyhende
Sveio-ordføraren: — Uheldig at tunnelen blir utsett
Sveio-ordførar Linn Therese Erve (Ap) har forståing for at det må kuttast i samferdsleprosjekt, men synes det er uheldig at det rammar hovudferdsleåra mellom Sveio, resten av Haugalandet og Oslo. — Eg forventar at Røldal-Seljestad-tunnelen blir realisert innan kort tid, seier ho.
Mange på Haugalandet er skuffa over at det som har vore ein planlagt byggestart neste år for nye tunnelar mellom Seljestad og Røldal, no er skuva ut i tid. Det er klart etter at regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2023 vart lagt fram torsdag.
Har forståring
Sveio-ordføraren er klar på at Seljestad-Røldal er eit særs viktig prosjekt også for Sveio. Ho synes difor det er uheldig at det blir utsett. Men ho seier at ho forståing for at regjeringa, som heinar eiga parti er ein del av, set på bremsene for nye og kostbare samferdsleprosjekt.
— Ein er nøydd til å ta ned oljepengebruken for å førebygge eit enno høgare rentenivå. Høgare renter er krevjande, ikkje berre for privatpersonar, men også for kommunen, understrekar ho.
Erve peikar på at me er inne i ekstraordinære tider, noko grepa regjeringa har tatt i forslag til statsbudsjett er spegla av.
— Me snakkar ikkje om eit normalår, seier ho.
Forventar snarleg realisering
Når «normalen» ein gong er tilbake, meiner ho at Seljestad-Røldal må ligge først i køen for nye norske samferdsleprosjekt.
— Eg forventar at det blir realisert innan kort tid, seier ho.
— Kva legg du i kort tid?
— Eg ser helst at Røldal-Seljestad er inne igjen når statsbudsjettet leggjast fram neste år, seier ho.
Prosjektet Røldal-Seljestad har ein budsjettert prislapp på 3,3 milliardar kroner.
Erve legg til at ho er glad for at midlar til planlegging av ny E39 Bokn-Hope ligg inne i budsjettet, dermed vil planlegginga av ny 4-felts motorvei gjennom kommunen halde fram.