nyhende
Sveio-ordførar og ordførar frå Sveio fremst i paraden
Helgas Pride-feiring gjekk for seg med fint vêr og god stemning. Fleire sveibuar var med, og ordførar André Mundal Haukås (H) gjekk fremst i toget ved sidan av ein annan ordførar, også frå Sveio.
Laurdag tidleg ettermiddag gjekk den årlege Pride-feiringa av stabelen i Haugesund. Som tidlegare nemnd i Vestavind skulle Sveio ha eige banner kor sveibuar som ynskte kunne gå bak. Før paraden byrja varsla ordførar André Mundal Haukås (H) at han hadde fått ein invitasjon av arrangørane.
– Eg vart bedd om å seia nokre ord, fortalde ordførar Haukås.
Då paraden byrja enda Haukås opp heilt framme saman med fleire andre ordførar, og blant dei ein ordførar han har mykje til felles med. For Haukås var korkje den einaste ordføraren frå Høgre, eller frå Sveio! Side om side gjekk nemleg sveibu Nils Konrad Bua, som er ordførar i Haugesund kommune.
Framme ved rådhusplassen vart Haukås invitert opp på scena. Der snakka han om kvifor han synest Pride er viktig å feira, og at kjærleiken er for alle. Kraftig vind gjorde at samtlege flagg fekk køyrd seg, men det verka ikkje til å ha påverka eit nøgd publikum.