nyhende
6. divisjon:
Sveio opna sesongen med ein kjempesmell borte mot Ølen
Seint måndag kveld var det serieopning i 6. divisjon fotball for menn.
Sveio IL sine håpefulle fekk ein tøff start på sesongen på bortebane mot Ølen IL.
Til pause sto det 6-0 til heimelaget, og då dommaren blåste av kampen, hadde heimelaget sett ballen i nota bak Sveio-keeperen seks gonger til.
Dermed vart det heile 12-0 til Ølen, og ei blytung serieopning for Sveio IL som har slitt med få spelarar på trening i vinter.
Annonse
PS! Ølen IL er tilbake i seriesystemet etter at dei trakk laget frå 5. divisjon framfor fjorårssesongen.
Siste kamper og tabell 6. div avd.4:
Ølen - Sveio 12-0
Vard 3 - Torvastad 2, 1-7
Annonse
Torvastad 2 - Trott 2, 3-8