nyhende
Sveio-okse held stand på toppen
12172 Dynjo frå Sveio toppar vårlista over landets best avlsoksane for Norsk Rødt Fe.
I slutten av januar blei NRF-eliteoksar for februar til mai 2022 valde ut av avlsselskapet Geno.
Av totalt 23 NRF-eliteoksar er tre levert frå oppdrettarar i Vestland. Den beste av dei tre toppar dessutan den nasjonale oksekatalogen – og den kjem få oppdrettarane Anne Bakke Handeland og Frode Handeland i Sveio.
Med 48 poeng er 12172 Dynjo eit oksehovud framfor nykommaren 12197 Haflingerhof frå Fyresdal, som har oppnådd 46 poeng.
Dei 23 utvalde eliteoksane av rasen Norsk Røft Fe (NRF) kjem frå sju ulike fylke. Denne runden var Trøndelag og Innlandet sterkast representert med seks oksar kvar. Rogaland hadde fire oksar og Vestlund tre. Nordland hadde to, medan Møre og Romsdal og Vestfolk og Telemark har ein okse kvar, skriv Geno i ei pressemelding.
Dei tre eliteoksane frå Vestland er:
- 12172 NR Dynjo frå oppdrettarane Anne Bakke Handeland og Frode Handeland i Sveio.
- 12196 NR Draugsvoll-P frå oppdrettarane Irene og Ole Draugsvoll i Vossestrand.
- 12218 NR Grimeland frå oppdrettar Jørgen Naustdal i Førde i Sunnfjord.
Stor anerkjenning
For oppdrettarane er det ein stor anerkjenning å få levere ein NRF-okse som bli vald ut som eliteokse av Geno.
Alle oppdrettarar av NRF-oksar som blir eliteoksar mottar avlsdiplom. Diplomet tildelast éin gong per okse og blir overrakt straks oksen er vedtatt brukt.
Utvalet skjer berre fire gong i året, og del aller beste NRF-oksen gjennom året blir premiert med Geno si høgste utmerking – avlsstatuetten.