nyhende

Det nye klesdesignet Kysten ILAG, har namn som «Sveio» og «Kjosane» blant sine mest populære plagg.
Det nye klesdesignet Kysten ILAG, har namn som «Sveio» og «Kjosane» blant sine mest populære plagg.

«Sveio» og «Kjosane» mest populære i nytt norsk klesmerke

I august slepte det nye norske klesmerket ILAG sin aller første kolleksjon. Alle klesplagga har velklingande namn frå Sunnhordland, mellom anna Sveio,Vassli, Valo og Føyno.

Publisert Sist oppdatert

Klesdesignar Renate Nipe er overvelda av responsen ILAG har fått. Samstundes som ho pakkar ordrar til langt på kveld, ferdigstillar ho haustkolleksjonen for 2021.

– Veldig gøy, veldig travelt, akkurat slik eg likar å ha det, seier den utflytta sveibuen som har arbeidsplassen sin på garasjeloftet heime på Nesbru i Asker.

Fargerik råtass

Den nye kolleksjonen heiter På kysten ILAG, inspirasjonen kjem frå Sunnhordland. Ifølgje Nipe er ein av bestseljarane «Huglo neckwarmer». Ho har har også brukt både «Vassli», «Bjoa» og «Slåtterøy» som namn i dei populære halsane.

Klar for kalde dagar med «Kjosane neckwarmer». Konseptet er fleirbruksplagg som passar til alle, og kan brukast til alt; i sofaen, på vift og på jobb. Profilen er å gjera det enklare for norske forbrukarar å ta bærekraftige val.

– «Moster rib dress» er også ein hit. Og skinnkolleksjonen har namn som «Fitjar» og «Valo» med seg. Mamma sitt jentenamn er Valen, så eg følte det var på sin plass at Valo skulle med i gjengen. Det nyaste plagget i kolleksjonen er «Kjosane neckwarmer», dette er ein fargerik råtass som er handstrikka av restegarn. Oppkalla etter Kjosane i Valevåg, der bada eg kvar sommar i min barndom, seier Nipe entusiastisk.

Bærekraftige plagg

ILAG har norsk inspirasjon, skal dyrka det norske, noko som kjem til uttrykk i kleda. Det er også eit velklingande og inkluderande nynorsk-ord, som designaren lett kan identifisera seg med.

Renate Nipe ønskjer å påverka kvardagen til folk. Konseptet går ut på at kleda du kanskje har hatt i fleire år kan returnerast. Produktet du har levert tilbake, blir reinsa, reparert eller redesigna – dersom det er nødvendig – og seld vidare til ein ny kunde. Plagga vil «gå i loop» til dei framstår ubrukelege, før dei blir sende til gjenvinning.

Klar for vinterkulda med «Sveio» og «Kjosane, i fleire lag.
Powered by Labrador CMS