nyhende

To Sveio-nissar, begge gode som gull.FOTO: LINE MØLLERHAUG.
To Sveio-nissar, begge gode som gull.

Sveio-nissen sette salsrekord

Glasverkstaden som årleg lagar ein glasnisse frå Haugalandet kan vere nøgd med å velje Sveio i fjor. Den fekk nemleg nasjonal merksemd, og sette ny rekord for dei tre gründerane.

Publisert Sist oppdatert

Salsutvikling glasnissar

2017  Åkranisssen: 1.200 nissar
2018  Visnesnissen : 2.200 nissar
2019  Sildanissen: 3.000 nissar
2020  Djupadalsnissen: 3.800 nissar
2021  Siranissen: 3.800 nissar
2022  Sveionissen: 4.850 nissar

For dei fleste kan juletida vere ei tid med stress og hastverk. For glasverkstaden Formbar var fjoråret utruleg travelt. Årsaka var at det vart eit slags gullrush etter deira glasnisser.

— Før jul mista me teljinga og måtte fokusere på å få produsert nok nissar, seier Julie Shirani Kausland.

Julie Shirani Kausland i aksjon.

Ho er ein av dei tre gründerane bak verkstaden. Kvar jul sidan 2017 har dei laga ein nisse som inneheld noko frå ein stad på Haugalandet. I 2022 fall valet på ei bygd som ligg «midt i leio». Det skulle vise seg å vere eit bra val.

— No har me talt opp og det viser seg at me har selt over tusen fleire nissar enn både i fjor og i forfjor, seier Shirani Kausland.

Rekord

Talet på selte Sveio-nissar vart 4.850. Det knuser både 2021 sin Siranisse, og 2020 sin Djupadalsnisse, som begge ende på 3.800.

— Nissen med gull-lue har verte veldig godt motteken, seier Shirani Kausland.

Ho viser til all merksemda som Sveio-nissen fekk i media, særleg Vestlandsrevyen på NRK og programmet Noreg Rundt.

— I same sekund som Noreg Rundt-innslaget vart kringkasta, så såg me ein nissebonanza i nettbutikken vår som me aldri har sett liknande til, seier Shirani Kausland.

Sveio-nissen var annleis enn dei tidlegare nissane. Den hadde ikkje noko inne i seg, men ei lue av gull i staden for. Bakgrunnen er den tidlegare gruvedrifta på Hovda, noko innslaget på Noreg Rundt såg nærmare på.

Sal i nettbutikken gjer at Shirani Kausland med sikkerheit kan seie at det faktisk er snakk om to rekordar.

— Me har selt fleire nissar til andre stader i Noreg enn på Haugalandet, samanlikna med tidlegare år, seier ho.

Powered by Labrador CMS