nyhende

Leiar i Tysvær Bondelag Ståle Hustoft og restauranteigar Finn Lothe er klare for regionalt samarbeid om matproduksjon. Foto: Haugaland Vekst
Leiar i Tysvær Bondelag Ståle Hustoft og restauranteigar Finn Lothe er klare for regionalt samarbeid om matproduksjon.

Sveio med på regionalt matsamarbeid

Sveio og dei andre kommunane på Haugalandet går saman med næringslivet for å løfta fram lokalprodusert mat.

Publisert Sist oppdatert

Det toårige prosjektet Matregion Haugalandet har fått tilslag om ein million kroner frå Rogaland fylkeskommune sitt regionale næringsfond. I tillegg skal prosjektet finansierast med eigeninnsats frå kommunane og Haugaland Vekst. Haugaland Vekst skal leia prosjektet, fortel prosjektleiar Ingvild Haugen i ei pressemelding.

Store mål

Prosjektperioden er 2025-2026 og målet er tredelt:

  • Stimulera til auka etterspurnad etter lokalprodusert mat
  • Stimulera til auka produksjon for å møta etterspurnaden
  • Utvikla infrastruktur som kan effektivisera omsetnaden av lokalprodusert mat i regionen

Gjennom dette håpar ein på auka verdiskaping, fleire arbeidsplassar og større mangfald i den lokale matproduksjonen. Prosjektet skal samstundes auka forsyningstryggleiken styrka folkehelsa og medverka til berekraftig areal- og ressursbruk, heiter det i pressemeldinga.

Kartleggingsfase

– Dei første to åra vil me bruka til kartlegging og nettverksbygging. Deretter vil me samla oss om eit hovudprosjekt som skal gå over fem år, forklarar Haugen til Vestavind.

Ho fortel at alle typar matprodusentar blir inviterte med, også dei som driv med nisjeproduksjon og i mindre skala. Frå starten av er dei lokale bondelaga, Tveit vidaregåande skule og restauranteigar Finn Lothe i Haugesund involverte.

Oppteken av kvalitet

– Eg er genuint oppteken av kvalitet og kor maten kjem frå. Det er særs viktig at barna får læra om kosthald tidleg. Husstellfaget bør få ein rennessanse i grunnskulen. Dessutan må det arbeidst for eit betre distribusjonsnett for lokale produsentar, seier Lothe.

Kommunane som er med, i tillegg til Sveio, er Haugesund, Karmøy, Utsira, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne og Sauda. Initiativtakar er Tysvær kommune.

Powered by Labrador CMS