nyhende

Her kan ein sjå stillinga for antal ordførarar på Haugalandet. Dei med ein ordførar er ikkje teken med, berre dei med to (Sveio) eller null (Haugesund).
Her kan ein sjå stillinga for antal ordførarar på Haugalandet. Dei med ein ordførar er ikkje teken med, berre dei med to (Sveio) eller null (Haugesund).

Sveio med dobbelt så mange ordførarar som Haugesund

Ekspertar finkjemmer resultat frå valet, men har oversett ein viktig trend. Truleg vil antal ordførarar som kjem frå Sveio dobla seg når litlebror Haugesund får Nils Konrad Bua (H) i førarsetet.

Publisert Sist oppdatert

Sveio har lenge vore storebror for sin sørlege nabo Haugesund på fleire område. Storleik, vakre omgjevnadar, finn.no-reklamar, og no antal ordførarar.

Det er ikkje klart kvifor Haugesund ikkje evna å oppdriva eigne folk kvalifiserte for jobben, men anonyme kjelder fortel Vestavind at det er eit sårt tema sørante og uhøfleg å spørja om.

Me ynskjer Haugesund velkomen i vår breie famn, og ber førespurnadar om annektering rettast til nytt kommunestyre når det er klart.

Powered by Labrador CMS