nyhende
Sveio kjem dårleg ut når det gjeld lesemeistring og fysisk aktivitet blant unge:
Sveio ligg på lågaste meistringsnivå når det gjeld lesing
Hovudutval oppvekst og kultur (HOK) ber administrasjonen konkretisera kva tiltak som må setjast inn for å styrka meistringsnivået innan lesing og auka den fysiske aktiviteten blant unge i Sveio.
– Rådmannen foreslår å prioritera desse områda, men foreslår ingen konkrete tiltak, seier John Kristian Økland (H).
Det var han som kom med forslaget om å be administrasjonen utarbeida ei liste over konkrete tiltak. Dette blei vedtatt som eit tilleggspunkt til rådmannen si innstilling då årets oppvekstprofil frå Folkehelseinstituttet (FHI) blei behandla av hovudutalet. Både rådmannen si innstilling og tilleggspunktet blei vedtatt samrøystes og går vidare til formannskap og kommunestyre.
I alle hovudutvala
Oppvekstsprofilen var til behandling i alle dei tre hovudutvala måndag. I teknisk/næring og helse/omsorg blei rådmannen si innstilling vedtatt utan tillegg. Rådmannen sine prioriteringar er å styrka lesemeistringa og auka interessa for fysisk trening.
FHI lagar kvart år ein oppvekstprofil for kommunane. I årets profil kom Sveio dårlegare ut enn året før. Samstundes gjekk talet på område der Sveio ligg over landsgjennomsnittet, ned frå fem til fire.
Kommunen fekk raudt lys på dei tre indikatorane meistringsnivå i lesing, gjennomsnittlege grunnskulepoeng og fysisk trening for 17-åringar. Dei fire områda der kommunen kjem best ut i 2024 er spørsmål om å bu trangt, om talet på treffstader og psykiske symptom og lidingar.
På lågaste nivå
Sveio ligg på lågaste meistringsnivå når det gjeld lesing. Og 46 prosent av 17-åringane trenar sjeldnare enn ein gong i veka. I 2023 fekk Sveio raudt lys berre når det gjaldt gjennomsnittlege grunnskulepoeng.
Lesedugleiken var særleg svak i skuleåret 2022/2023. Dette er påverkar profilen i negativ retning, skriv rådmannen i saksførelegget. Sidan den gongen er det sett inn fleire tiltak, men rådmannen understrekar at dette er eit område som framleis må få særleg merksemd.
Om dei tiltaka som alt er sette i verk, skriv rådmannen mellom anna:
– Det blir sett fokus på utvikling av skulebiblioteka for å stimulera til både leselyst og lesetrening. Vidare blir det no arbeidd med å revidera kommunen sin plan for språk, lesing og skriving i barnehage og grunnskule.
Mogleg å snu
Rådmannen minner vidare om språkkommuneprosjektet mellom 2016 og 2018 der det viste seg å vera mogleg å snu ein negativ trend. Det må vera fullt mogleg å klara dette igjen, meiner rådmannen.
Når det gjeld dei unge sitt treningsmønster er tala henta frå opplysningar som 17-åringane sjølve har gitt på sesjon. Medan 46 prosent av 17-åringane seier at dei trenar sjeldnare enn ein gong i veka, er tilsvarande tal for Vestland fylkeskommune 25 prosent og for heile landet 28 prosent. Tal frå nabokommunane i Sunnhordland og på Haugalandet viser også at Sveio kjem dårlegast ut i regionen.