nyhende

Bente Kvilhaugsvik
Bente Kvilhaugsvik

— Sveio ligg midt i leio og er supersentralt

Bente Kvilhaugsvik er vekas «Hei, sveibu».

Publisert Sist oppdatert

Hei, sveibu!

Namn: Bente Kvilhaugsvik

Alder: 62

Bustad: Liareid

– Eg jobbar som emnelærar i sjukepleieutdanninga på Stord for folkehelse i nasjonalt og globalt perspektiv. Det handlar om at ein vil jobba helsefremmande og forebyggande.

– Kva gjer du til dagleg?

– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Det er god plass med mykje natur å bolta seg i, og god moglegheit for å  kunna gå på mange turar. Og ikkje minst dei kjekke folka.

– Er det noko du saknar i Sveio?
– Nei, det er eigentleg ikkje det, fordi Sveio ligg midt i leio og er supersentralt, med kort veg til Stord, Haugesund, Stavanger og Bergen etter kva vei ein vil.

– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Å kunna ha ein plass å laga hage er eit eige minne. Der eg kan laga bed og vera sosial med vener og kjekke folk.

– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
– Eg fekk nyleg eit godt gjensyn med Eva Stølås Lie i Sveio sentrum. Eva er ein klok og mild person. Ho ser andre og er ein veldig fin samtalepartnar som eg tidlegare var kollega med i heimesjukepleien i Sveio.

Powered by Labrador CMS