nyhende

Adam Musaev (i raudt) skåra eitt mål då han saman med resten av Sveio-spelarane innkasserte sin sjette siger på sju kampar måndag kveld. ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Adam Musaev (i raudt) skåra eitt mål då han saman med resten av Sveio-spelarane innkasserte sin sjette siger på sju kampar måndag kveld.

Sveio køyrde over «uslåelege» Kopervik

Kopervik-2 hadde vunne kvar einaste kamp i 6. divisjon i år. Heilt til dei møtte formsterke Sveio måndag kveld.

Publisert Sist oppdatert

Kampfakta

Fotball, 6. div. herrer

Sveio – Kopervik-2 3-1 (2-1)

Sveio kunstgras 17. oktober

Mål: 1-0 Øyvind Kirkeleit (33 min), 1-1 Morten Eide (38 min) 2-1 Adam Musaev (39 min), 3-1 Øyvind Kirkeleit (71)

Sveio IL er utvilsamt denne haustens sterkaste lag i den lokale 6. divisjonen. Av dei siste sju seriekampane har raudtrøyane vunne seks.

SVEIO – KOPERVIK-2 3-1:

Måte bite i kunstgraset

Og måndag kveld var det ikkje kven som helst som var motstandar heller. Eit Kopervik-2 som før kveldens oppgjer på kunstgraset i Sveio hadde vunne 16 strake kampar i avdelinga, og som heilt sikkert tok mål av seg til å gå gjennom sesongen utan tap.

Men ØyvindKirkeleit (2 mål) og Adam Musaev, og resten av det formsterke heimelaget ville det annleis.

Snudd på hovudet

Med 3-1 siger over seriemeisteren kan alle som følgjer Sveio-laget slå fast at mykje har skjedd sidan 0-12 tapet borte mot Ølen i serieopninga i vår.

Etter kveldens krutsterke resultat krøyp Sveio opp på 4. plass på tabellen for første gong i år. Det blir sannsynlegvis plasseringa til slutt også.

For mest truleg vil nok Sveio avslutte ein sterk haust med siger også borte mot tabelljumbo Vard-3 i neste kamp, som er den siste kampen for sesongen.

Kveldens kampar:

Sveio – Kopervik-2, 3-1

Sauda – Ølen 1-0

Vard-3 – Trott-2 3-1

Tabellen:

Powered by Labrador CMS