nyhende
Sveio kommune seier nei til atomvåpen
Ein interpellasjon frå ein politikar har ført til at Sveio kommune signerer eit opprop mot atomvåpen.
ICAN Cities Appeal er eit globalt opprop der byar og lokalsamfunn viser si støtte til FN sitt forbod mot atomvåpen. I 2017 vedtok eit stort fleirtal av medlemslanda traktaten som forbyr atomvåpen, men Noreg står utanfor. Ved å signera ICAN Cities Appeal, sender ein eit signal til statlege mynde om at befolkninga tar eit klart standpunkt frå det som blir rekna som det verste masseøydeleggingsvåpenet i verda.
Legg press på myndigheiter
I ein interpellasjon ber Arne Valen frå Sveio Sp kommunestyret om å signera dette oppropet, for å leggja press på nasjonale myndigheiter for å bli del av forbodstraktaten.
– Offentleg støtte til atomvåpenforbodet er viktigare enn nokon gong, skriv han i interpellasjonen, som kommunestyret stemte over 20. september.
Bekymra for trussel
I kommunestyret sitt vedtak, som 16 av 25 gjekk inn for, går det fram at politikarane er bekymra for den store trusselen atomvåpen medfører.
Kommunestyret meiner innbyggjarane og menneske over heile verda har rett å leva utan denne trusselen. All bruk av atomvåpen, uavhengig om den er villa eller ved ei ulukke, vil ha omfattande og langvarige konsekvensar for menneske og miljø. Derfor støttar me FNs traktat om forbod mot atomvåpen og ber regjeringa signera traktaten.