nyhende
Sveio kommune har 100 000 kroner å dela ut til lag som vil skapa aktivitet
Ei ny ordning inviterer lag og organisasjonar, FAU, velforeiningar og bygdalag om å søkja Sveio kommune om tilskot til ulike tiltak som fremjar aktivitet. Det er 100 000 kroner i potten.
Det vil seia, heilt ny er den ikkje. Første utlysing var i april i år, men då var det ingen søkarar. Ved utlysinga i haust er potten derfor heilt intakt.
– Kva kan vera årsaka til at ingen har søkt?
– Det kan vera fleire grunnar til det, både at ordninga er ny, og at det har vore mindre aktivitet under pandemien, seier leiar for kulturavdelinga, Pål W. Jøsok.
Må vera ope
Det er rom for å søka tilskot til tiltak som får folk i aktivitet, innafor kommunegrensa. Det kan vera fysiske tiltak, som tilrettelegging av aktivitetsområde og turstiar, men også opne arrangement og aktivitetar. Tiltaka må vera opne for alle.
Viss ein får ein sum frå kommunen, kan ein kombinera t.d. spelemidlar eller sponsorar. Den einaste føresetnaden er at ein må skapa aktivitet.
Eitt år på gjennomføring
– Tiltaket må vera gjennomført og dokumentert med innsendt rekneskap innan eitt år frå tildelinga, opplyser Jøsok. Han viser elles til retningslinjene, som ein finn på Sveio kommune.
Den nye ordninga erstattar «Støtte til kjøp av materiell og utstyr» og «Kursstønad». Det er søknadsfrist to gonger årleg, 1. april og 1. oktober.