nyhende
Sveio kommune ber alle sjekke vassrøyrene sine
Har du hytte eller anna hus i Sveio som du ikkje har vore innom dei siste vekene? No bønfall kommune deg om å ta ein sjekk av alle vassrøyr.
Vassforbruket i Sveio kommune har auka markant dei siste dagane. Kommunen trur dette har samanheng med at røyr blir øydelagde i samband med tining etter den kalde perioden med hadde rundt jul.
Kommunen ber no om hjelp frå hus- og hytteeigarar til å leite etter mogelege lekkasjar.
Ifølgje oppsynsmann for vatn og avlaup i Sveio, Torbjørn Larsen, er dei nemleg ikkje uvane med å finne til dels store skadar på bygningar når dei er ute for å lokalisere lekkasjar.
— Når vatnet står rett i taket over tid, blir det ikkje berre kostbart kommunen, som taper vatn, men også for hytteigaren som risikerer store vasskadar på bygningar.
For kommunen åleine utgjer vasstap på ein liter i sekund tusenlappar om lekkasjen ikkje blir reparert raskt.
Sentrum og Våga
Kommunen ser vasstap i fleire område i kommunen, men ifølgje Larsen er det spesielt rundt Sveio sentrum og i retning Våga dei ser at no går meir vatn enn normalt.
Det er ofte private stikkleidningar som er syndaren, og Larsen minner difor om at det er forbod mot å la vatnet stå og renne, slik mange har tradisjonen for å gjere for å prøve å unngå at røyr som ikkje er isolerte frys.
Kan miste sløkkjevatn og drikkevatn
I ytste konsekvens råkar vasstapet brannberedskapen, i form av at ein mister tilgang på sløkkjevatn.
Også drikkevassforsyninga kan bli råka, skriv kommunen på si nettside.
Kommunen får også ein ekstrautgift fordi mannskap må prioritere denne typen oppdrag.
— Det går ut over anna vedlikehald og gir etterslep av andre oppgåver me har, seier Larsen til Vestavind.
Kommunen har fire mann på leiting etter lekkasje denne veka.
— I samband med arbeidet kan folk oppleve at dei mistar vatnet i nokre minuttar, seier han.
Om nokon oppdagar at dei har øydelagde røyr blir eigarane oppmode til å kontakte røyrleggjar.