nyhende

Sveio kjem godt ut på gebyr for vatn og avløp

Av 25 kommunar i gamle Hordaland, er Sveio den femte rimelegaste på gebyr for vatn og avløp. Askøy er den dyraste, medan Fitjar har heile 91 posent auke frå 2022 til 2023.

Publisert Sist oppdatert

Tala er utarbeida av Statistisk sentralbyrå for Huseierne. Dei er mellom anna basert på elektroniske data henta inn gjennom KOSTRA (Kommune-STat-RApportering).

Stor auke i vatn- og avløpsgebyr i kommunane det siste året, er bakgrunnen for den omfattande undersøkinga forbrukarorganisasjonen Huseierne har gjort.

– Auken er dramatisk. Dei høge vatn- og avløpsgebyra kjem på toppen av kraftig renteoppgang, høg straumprisar og kraftig prisstiging. Me i Huseierne er bekymra for privatøkonomien til vanlege hushaldningar. Det er ei grense for kor store utgifter ein vanleg bustadeigar kan tåla, seier distriksleiar Monica Bryner i ei pressemelding.

Store forskjellar

Askøy er den dyraste kommunen med ein auke på 4.951 kroner frå 16.644 i 2022 til 21.595 i 2023. Fitjar er også på dei fem dyraste-lista, og ingen er i nærleiken av auken på 91 prosent. Fitjarbuen betaler i 2023 17.598 kroner i gebyr mot 9.203 i 2022.

I den andre enden betalar ein minst for vatn og avløp i Bergen. I 2022 betalte bergensarane 6.106 kroner, i år må dei ut med 6.656 kroner.

Sveio er den femte rimelegaste kommunen. Sveibuane betale i 8.991 kroner i 2022. I år er gebyret 9.971. Ein auke på 11 prosent som utgjer 980 kroner.

Dei fem dyraste

Dei fem rimelegaste

Investeringsbehov på 332 milliardar

Ein rapport frå Sintef og rådgivarnbedriften Norconsult viser eit investeringsbehov for kommunale vatn- og avløpsanlegg som er estimert til 332 milliardar fram til 2040. Det betyr stadig aukande gebyr for bustadeigarar framover.

– Våre prognosar viser at auken i gebyr kan bli så stor at mange vil slita med å betala rekningane. Derfor er me opptatt av at kommunane vel løysingar som ikke er dyrare enn nødvendig, seier Bryner.

Sveio er ein av kommunane som må investera i vatn og avløp i åra framover. I september i fjor blei det vedteke å bygga nytt vassverk i Forevatnet til rundt 50 millionar kroner.

– Dei fleste kommunar må auka gebyra

– Det er kjekt å høyra at Sveio kjem godt ut. Me driv etter sjølkostprinsippet, og innbyggarane skal ikkje betala meir ein det kostar å drifta, seier Kenneth Tollefsen, kommunalsjef teknisk.

Sjølvkost betyr også auka gebyr når kostnadane går opp, og det vil mellom anna skje med det nye vassverket.

– Dei alle fleste kommunar vil måtta auka gebyra framover. Mellom anna på grunn av auka krav. Eit eksempel er at kvar kommune må ha to uavhengige produksjonsanlegg for vatn. Me jobbar no med prosjektet Forevatn vassverk, men det er enno for tidleg å seia noko om kor mykje gebyret vil auka. I eit av alternativa er det sett ein venta auke på 21 prosent, seier Tollefsen.

Kjøper vatn frå Haugesund

Sveio kommune har i dag berre eit vassverk i Joavatnet. Det har tidlegare vore vassverk i Forevatnet, men det vart nedlagt etter å ha drive på dispensasjon frå reinsekrav ein del år.

– Me kjøper i dag vatn frå Haugesund. Med to anlegg vil me sjølv produsera nok vatn til heile kommunen, og me vil også kunna bistå andre kommunar om dei får trong for det. Det nye anlegget i Forevatnet vil bli plassert på same stad som det gamle. Leidningsnettet som ligg der frå før må oppgraderast til dagens krav for å mellom anna å sikra god tilkopling, seier Tollefsen.

Ute på høyring

Produksjonen av reint vatn skal vera på totalt 5.100 kubikkmeter per døgn. Ein del av arbeidet med det ny vassverket, er søknad om utsleppsløye. Den ligg no ute på høyring hos Statsforvaltaren i Vestland med høyringsfrist 31. august.

Powered by Labrador CMS