nyhende

Denne gjengen frå Sveio Drill skal til VM i Frankrike i august. Bak frå venstre: Emmelin Hjelmeseter, Ingrid Andrea Kvalvåg Panayiotou , Anne Synnøve Breistig, Malin Nornes , Kristina Apeland , Maria Fonnes , Malin Åsbø.Framme frå venstre: Emilia Åsbø, Katharina Kalberg, Ingeborg Storstein, Sunniva Vikse, Cecilie Førre Apeland. ALLE FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Denne gjengen frå Sveio Drill skal til VM i Frankrike i august. Bak frå venstre: Emmelin Hjelmeseter, Ingrid Andrea Kvalvåg Panayiotou , Anne Synnøve Breistig, Malin Nornes , Kristina Apeland , Maria Fonnes , Malin Åsbø.Framme frå venstre: Emilia Åsbø, Katharina Kalberg, Ingeborg Storstein, Sunniva Vikse, Cecilie Førre Apeland. ALLE

Sveio-jenter tekne ut til VM

Sveio Drill har lang tradisjon med deltaking i europameisterskap. No er ein ny barriere broten. For første gong har ein tropp kvalifisert seg til VM.

Publisert Sist oppdatert

Når verdsmeisterskapen i drill-kategorien twirling går i gang i Eindhoven i Nederland i august, så er det første gong at ein tropp frå Sveio Drill skal representere Noreg i VM.

— Utruleg kjekt, dette har vore eit mål lenge, seier Kristina Styve Apeland, Ingrid Andrea Kvalvåg Panayiotou og Emilia Åsbø. Dei er tre av jentene i Sveio Twirling Corps-gruppa We Are.

Nyleg vart dei plukka ut av Noregs Musikkorpsforbund, som eitt av åtte lag som skal forsvare Noreg sine fargar.

Femteplass i EM

Tidlegare i år deltok Sveio Drill i EM i Frankrike, der jentene frå Sveio tok ein sterk femteplass. Sveio har delteke i EM i alle år frå 2012 til 2019, men då i kategorien majorettes. I år er det kategorien twirling dei konkurrerer i. I denne kategorien krevst det at drillarane viser gode tekniske grunnferdigheiter innan drill og dans.

Dei legg ned mykje trening i idretten sin. Tre gonger i veka, tre timar kvar gong. I tillegg trener dei ei helg i månaden, der dei legg ned ytterlegare 6-8 timar. I snitt godt over 11 timar i veka, med andre ord.

VM er det høgaste nivået ein kan konkurrere i. Og Sveio-jentene, som er i alder 15 år til 18 år, får tøff konkurranse.

— Det finst ingen juniorklasse i VM, så dei kjem truleg til å møte konkurrerande lag med eldre og meir røynde utøvarar, fortel leiar i Sveio drill, Inger Emilie Panayiotou.

Det blir truleg mykje sveio-dialekt i hallen i Eindhoven, for det er venta at det blir ein solid delegasjon som set seg på flyet i august. I tillegg til at nokre kanskje køyrer i samband med ferie.

— Me var 48 reisande til EM i Frankrike, og reknar med at det kan bli om lag like mange på VM, seier Panayiotou.

Vellykka på Vigdartun

Drill har stått sterkt i Sveio i fleire tiår, heilt sidan oppstarten i 1978. Også som arrangør utmerkar Sveio Drill seg. Under konkurransen Vinterpokalen sist helg var 298 drillarar frå heile Sørvestlandet i aksjon på parketten i Vigdartun.

Ida Førre Apeland, Sunniva Hjelmeseter, Agathe Ness Emberland, Hermine Uri, Alva Eline Skeie på parketten under Vinterpokalen sist helg.

Inkludert foreldre og vener husa hallen mellom 1.000 og 1.200 menneske. Då var det trongt om plassen, men god stemning.

— Me hadde opphaveleg bestilt Tysvær Arena i februar, men koronarestriksjonar gjorde at me måtte utsette arrangementet. Det var ikkje fleire ledige helger der, så då flytta med arrangementet til Vigdartun, fortel drill-leiaren.

Lågt under taket

Vigdartun er eigentleg i minste laget, ikkje minst med tanke på takhøgda i idrettshallen. Drillstaven skal ikkje fyke veldig høgt før han treffer taket.

Maria Fonnes i aksjon.

— Men det gjekk superbra, og me fekk gode tilbakemeldingar. Mange likar at det er så intimt som det blir med Vigdartun, fortel ho.

Drillgjengen i Sveio vart, lik som mange andre ungdomsaktivitetar, råka av stort fråfall grunna smittevernrestriksjonar under koronapandemien. Dei var over 60 drillarar før pandemien, no er dei litt over 30.

— Det er ei stor utfordring, men me håpar at fleire vil byrje med drill att, seier Panayiotou.

Powered by Labrador CMS