nyhende

Martin Sydnes og Sveio IL «tjuvstartar» fotballsesongen med første runde i kretscupen måndag. ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Martin Sydnes og Sveio IL «tjuvstartar» fotballsesongen med første runde i kretscupen måndag.

Sveio IL får tøff cup-motstand i kveld

Publisert Sist oppdatert

Sveio IL sitt herrelag i fotball har meldt seg på kretscupen. Og i første runde vil spelarene til 6. divisjonslaget få ein viss føling med kva som møter dei om dei skulle rykke opp til 5. divisjon framfor neste års sesong.

For måndag kveld er det Avaldsnes kjem til kunstgraset i Sveio.

Avaldsnes endte på 5. plass i 5. divisjon i fjor. Sveio endte for sin del på ein 4. plass i 6. divisjon, etter ein imponerande haustsesong kor dei var nærast uslåege. Men ein svak vårsesong øydela mogelegheitene for eit opprykk i fjor.

PS! Det ordinære seriespelet i 6. divisjon tek til 21. mars, også då med heimekamo for Sveio, og då er det Kolnes som er motstandar.

Powered by Labrador CMS