nyhende

På landsbasis er trenden, at arbeidsløysa har auka noko, medan snittet for Sunnhordland ligg stabilt rundt 1 prosent, seier Håvard Lægreid, leiar i Nav region Sunnhordland. Foto: Chris-Andre Elvik
På landsbasis er trenden, at arbeidsløysa har auka noko, medan snittet for Sunnhordland ligg stabilt rundt 1 prosent, seier Håvard Lægreid, leiar i Nav region Sunnhordland.

Sveio har tredje lågaste arbeidsløyse i Sunnhordland

I februar registrerte Nav 1,1 prosent heilt arbeidsledige personar i Sunnhordland, noko som er ein nedgang på 12 personar samanlikna med førre månad. Sveio står for sju av desse.

Publisert Sist oppdatert

I februar 2024 var talet på heilt ledige 385 personar, medan talet for februar i år er 355.

På landsbasis ser ein at talet på heilt ledige har auka frå 2,1 prosent i førre månad til 2,2 prosent denne månaden, noko som er den høgaste arbeidsløysa me har sett her til lands sidan februar 2022.

Stabilt i Sunnhordland

– Det er gledeleg å sjå at arbeidsløysa held seg stabilt låg både i Sunnhordland, Vestland og i landet for øvrig. På landsbasis er trenden, om ein ser tre år tilbake i tid, at den har auka noko i løpet av desse åra, medan snittet for Sunnhordland ligg stabilt rundt 1 prosent, seier Håvard Lægreid, leiar i Nav region Sunnhordland.

Kommunane med den høgaste arbeidsløysa her i regionen i februar månad er Tysnes og Bømlo, begge med 1,5 prosent heilt arbeidsledige personar. Deretter kjem Kvinnherad (1,4), Etne (1,3), Sveio (1,0), Fitjar (0,9) og Stord (0,8).

I Sveio var det i februar 29 heilt ledige. Det ein nedgang på 0,3 prosent samanlikna med januar då det var 36 heilt ledige. Seks personar var permitterte i februar. Noko som utgjer 0,2 prosent av arbeidsstyrken.

42 bedrifter plukka ut

Nav held for tida på med si årlege bedriftsundersøking, som er den største av sitt slag i Noreg. Totalt 42 bedrifter i Sunnhordland er blitt plukka ut til å vera med, og undersøkinga skal mellom anna kartlegge sysselsettingsutsiktene til bedriftene, samt om dei har hatt utfordringar med å rekruttere ønska kompetanse.

– Bedriftsundersøkinga er viktig for oss når me skal levere gode tenester til- og for arbeidsgivarane og arbeidssøkarane i regionen. Me vil også her få god informasjon om eventuelle kvalifiseringsbehov og moglegheiter for samarbeid med enkelte bedrifter og næringar, seier Lægreid.

Frist 14. mars

Fristen for å svare på bedriftsundersøkinga er sett til 14. mars. I 2024 hadde Sunnhordland ein svarprosent på 73. Resultata frå årets undersøking vil etter planen bli presentert 8. mai.

– Resultata frå bedriftsundersøkinga er heilt essensielle i arbeidet rundt korleis me skal tilnærma oss arbeidsgivarane her i Sunnhordland på best mogleg måte. Det er difor svært viktig for oss at så mange bedrifter som mogleg svarar innan fristen, seier Lægreid.

Powered by Labrador CMS