nyhende
Sveio har nok vaksiner til alle
I Sveio kommune er det nå rundt 1200 personar igjen som skal ha 3. dose vaksine. Kommunen reknar med å vaksinera rundt 150 personar kvar veke framover.
– Me har mange dosar så det står ikkje på det, men på intervallet, opplyser kommunalsjef helse og omsorg i Sveio, Ingunn Toft.
– Har kommunen oversikt over uvaksinerte i skulane?
– Me har berre oversikt i helse og omsorg, der blir dei uvaksinerte testa to dagar i veka. Tilsvarande finst ikkje i skuleverket, men alle i skule og barnehage fekk tilbod om 3. dose før jul, såframt dei hadde intervallet, og det hadde dei fleste, opplyser Toft.
Ho fortel vidare at Sveio kommune har ein ganske stor andel vaksinerte med 3. dose i skulane og i barnehagane.
– På nasjonalt plan er det berre rundt 20 prosent av dei tilsette i skulane som har fått 3. dose, ergo så risikerer mange å hamna karantene nå, men det blir dei i liten grad hos oss. Når ein har fått 3. dose kjem ein berre i karantene om ein er husstandsmedlem til ein som er smitta, opplyser Toft.