nyhende
Sveio halverer eigedomsskatten
Med eit knappast mogeleg, men venta fleirtal, sikra posisjonen med Ap, Frp og dei uavhengige ei halvering av eigedomsskatten i Sveio neste år.
Framstegspartiet kunne sjå seg særs nøgd med dagens politiske Sveio-landskap då kommunestyret med 13 mot 12 røyster måndag vedtok å halvere eigedomskatte-satsen frå 2 til 1 promille. Det var posisjonen, med Ap (7), Frp (4) og dei to uavhengige representantane Ole Johan Sveen og Stian Nygård som sikra fleirtalet, som elles var i tråd med rådmannen si innstilling i saka.
Taper 1,6 millionar
Reduksjonen betyr eit inntektstap for kommunen på om lag 1,6 millionar kroner. Opposisjonen (H, Sp, Krf, SV og MDG) ville oppretthalde dagens nivå på 2 promille.
— Vi har ein del tiltak me har lyst til å gjennomføre i budsjettet vårt for neste år, som vi meiner er viktige for Sveio og for vekst i Sveio, sa Lars Einar Hollund (H), vel vitande om kva retning røystinga ville ta.
Rune Teikari (FrP) vende det døve øyret til opposisjonen sin talsmann.
— Det er nydeleg å sjå at rådmannen har lagt til rette for ein halvering av eigedomsskatten. I ei tid med skyhøge straumprisar, truslar om rentehevingar, og med folk som går gjennom ein krevjande pandemi med mykje lediggang er det det utruleg kjekt å vise folk at me kuttar den utgifta som råkar hardast, sa han.
Ap-kritikar fekk mini-føredrag
Dagfinn Bjørge (Sp) var både skuffa og forundra, og gjekk i strupen på Arbeidarparitet.
— Vi veit kor Frp står i saka, men at Ap følger denne linja er uforståeleg for meg, sa han.
Håkon Skimmeland (Ap) svara på kritikken frå Bjørge med eit mini-føredrag i praktisk politikk.
— Ap er det den desidert største partigruppa i Sveio. Men sist eg talte var med sju representantar, og ikkje 13. Det er 13 me treng for å ha eit fleirtal. Så lenge du ikkje har eit fleirtal må du ha ein koallisjon. Og i ein koalisjon kan du ikkje ha det slik at eit part får vilja sin fullt og heilt, mens dei andre ikkje får vilja si i det heile tatt. Hadde me hatt ein koalisjon med Sp, så ville både Sveio Sp og Sveio Ap måtta innsjå at ein ikkje får vilja si i alt. Slik fungerer det politiske spelet i Sveio, likheit med resten av landet, sa han.
Ser til nye inntekter
Skimmeland la til at det er fleire måtar kommunen kan både spare og tene pengar på, og peika på at kommunen dei siste åra har fått midler frå Havbruksfondet, og frå ei ny produksjonsavgift knytt til oppdrett.
— Desse inntektene vil i større eller mindre grad kompensere for bortfall av eigedomsskatt, sa han.
Det siste parerte Arne Valen (Sp), med å vise til at Skimmeland viser til uføreseielege pengekjelder.
— Inntektene frå Havbruksfondet har variert frå 3 millionar til 13 millionar kroner. Ein eigedomsskatt er føreseileg i forhold til den satsen ein vel å bruke, sa han.
Og røystinga gjekk som dei fleste venta på førehand, med 13-12 til fordel for ei halvering av eigedomsskatten i Sveio frå neste år.