nyhende

Vestland fylkeskommune gir støtte til e-sport og dataspel i fem kommunar. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB / NPK
Vestland fylkeskommune gir støtte til e-sport og dataspel i fem kommunar.

Sveio får pengar til dataspel og e-sport

Vestland fylkeskommune gir til saman 205.000 kroner til kommunane Sogndal, Sveio, Høyanger, Gloppen og Stad til oppstart eller utvikling av lokale tilbod for e-sport og dataspel.

Publisert Sist oppdatert
NPK: Tilskotsordninga er ein del av oppfølginga av Vestland fylkeskommune sin strategi for e-sport og dataspel i 2022. Tilrettelegging, deltaking, inkludering og samarbeid er nøkkelord, heiter det i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Det er ein intensjon at pengane til dei fem kommunane også skal kome andre kommunar i fylket til gode.

– For dei fleste kommunar er dette eit nytt område, som krev ny kunnskap for å leggje til rette på gode måtar. Fylkeskommunen vil gi den ekstra starthjelpa kommunane kanskje treng for å utvikle og få i gang gode modellar for lokale breiddetilbod. Vi ynskjer å skape gode og inkluderande tilbod, som andre kommunar igjen kan sjå til og bli inspirerte av, seier Stian Davies, leiar for hovudval for kultur, idrett og inkludering.

Sogndal, Høyanger og Gloppen får 45.000 kroner kvar. Sveio får 40.000 kroner, medan Stad kommune får 30.000 kroner.

Kommunane blir oppmoda til å sjå på høve til sambruk og fleirbruk ved å inkludere e-sport og dataspel i eksisterande arenaer for kultur og idrett. Det kan til dømes vere løysingar for bruk av ulike rom, utlån av ressursar på tvers av lag, hus og kommunar eller konkret samarbeid mellom ulike aktørar.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS