nyhende

Kommunalsjef Ingunn Toft må igjen ut på legejakt.
Kommunalsjef Ingunn Toft må igjen ut på legejakt.

Sveio er positive til å busetja ukrainske flyktningar

Sveio kommune har no svart på kartlegginga til integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi): — Me kan taka imot inntil 20 flyktningar i fyrste omgang, seier Ingunn Toft.

Publisert Sist oppdatert

Ho er Sveio sin kommunalsjef for helse og omsorg.

Per no er tre kommunale bustader disponible for busetjing av ukrainske flyktningar. I tillegg har seks privatpersonar i Sveio teke kontakt med kommunen og sagt at dei disponerer hus eller bustad.

Toft presiserer at talet 20 berre er ei førebels maksgrense, og at kommunen vil vurdera å busetja fleire dersom trongen melder seg.

— Me veit enno ikkje korleis krigen vil utvikla seg i tida framover, men me er positive til å taka imot fleire dersom det vert naudsynt.

Nøgd med svaret

Òg ordførar Linn Therese Erve stiller seg positivt til svaret dei har gjeve IMDi.

— Eg er nøgd med svaret på førespurnaden frå IMDi. Me har svart at me har kapasitet til å busetja 20 flyktningar til å byrja med. Trongen etter stader å busetja er stor, så difor har IMDi spurt alle kommunane i landet om å taka imot ukrainske flyktningar, seier Erve.

Så langt har om lag 1000 ukrainske flyktningar kome til Noreg. Nokre av desse er komne til landet på eiga hand, medan andre har vorte henta av allereie busette familiemedlemer.

Det er enno ikkje avgjort eksakt tidspunkt for mottaking av dei 20 flyktningane, men kommunen jobbar med saka.

— Det er ekstra travelt om dagane. Berre i går hadde eg fem møte om krigen på ulike nivå. Elles lagar me planar for reiugskap og inngår samtalar med diverse einingar. Me har òg hatt møte i kriseleiinga, så det er mange førebuingar i saka, påpeikar Toft.

Er førebudde

Dersom flyktningstraumen vert større, må kommunen setja inn fleire ressursar.

Toft er likevel overtydd om at dei skal klara å handtera situasjonen med det strukturerte hjelpeapparatet dei har til rådvelde.

— Me har ein prosedyre for integrering av desse flyktningane, mellom anna introduksjonsprogram, vaksenopplæring med meir. Me har både kapasitet, kompetanse og ein strukturert plan for busetjing, så eg er ikkje uroleg, seier Toft.

Powered by Labrador CMS