nyhende
Sveio eldreråd deltok på det nye Eldrerådskurset
Rundt 100 eldrerådsmedlemmer frå Vestland var samla i Bergen denne veka for å læra om aldersvenlege samfunn og korleis dei kan vera gode eldre-ambassadører.
Tall og berekningar viser at det vil bli fleire over 65 år enn under 20 år i Noreg i 2030. Nokre av temaa som Sveio eldreråd og dei andre diskuterte, var sosial inkludering, møteplassar, digital hjelp, transporttilbod og eldre som ressursar.
Eldrerådet er eit rådgivande organ i kommunen og fylkeskommunen, og skal bidra til å sikra brei, open og tilgjengeleg medverknad i politiske saker som gjeld eldre. Eldreråd blir også oppfordra til å ta opp saker på eige initiativ.
Bakgrunnen for etablering av eldreråd er at eldre ofte er underrepresenterte i folkevalde organ. Eldreråd blir valde for fire år om gongen, og etter valet i haust er mange eldrerådsmedlemmer nye i rolla.
Har fleire prosjekt på blokka
John Gustav Eilerås er ny leiar av eldrerådet i Sveio. Han er oppteken av at eldrerådet skal være aktivt, og har fleire prosjekt på blokka.
– Sidan me er eit nytt eldreråd, har det vore nyttig å delta på Eldrerådskurset. I Sveio har me nyleg komme med innspel til og deltatt på Seniormessa som ble arrangert av kommunen sin helsestasjon for seniorar og frivillighetssentralen. Dette var veldig vellykka, og både eldre og dei litt yngre deltok. Tema var mellom anna framtidsfullmakt og branntryggleik. No har me planar om å gjera ei kartlegging for å finna relevante personar og organisasjonar me kan samarbeida med, seier Eilerås.
Korlei andre gjer det
Kursdeltakarame fekk også innføring i korleis ulike kommunar i Vestland jobbar med aldersvenlege lokalsamfunn. Mellom anna det nye Seniorsenteret på Husnes i Kvinnherad, med bustader tilrettelagt for eldre med terrasse, felles drivhus og utsikt mot havet.
«På dørterskelen» er eit pilotprosjekt mellom KS og Posten kor seniorar får eit informasjonsskriv kvar veke om kva aktivitetar som foregår i Bømlo-samfunnet. Og «Voss Herad Senior Dream Team» er eit prosjekt der Voss kommune engasjerer den eldre befolkninga i å pussa opp kommunale leilegheiter.
– Viktige i lokaldemokratiet
Det nye eldrerådskurset blir arrangerer av Senteret for et aldersvennlig Norge, som er ein del av Helsedirektoratet. Kurset har ein digital og ein fysisk del. Det blir finansiert gjennom statsbudsjettet og gjennomført over heile landet denne våren.
Wenche Halsen leiar Senteret for et aldersvennlig Norge. Ho er glad for at det no blir satsa på betre opplæring av eldreråda.
– Eldreråda er viktige i lokaldemokratiet, og det flott å sjå at eldrerådsmedlemmer frå ulike kommunar lærer av kvarandre. Me håper at kursdeltakarane reiste heim med ny giv og gode råd på vegen til korleis dei kan bidra til aldersvenleg utvikling og å lytta til eldre i sin kommune, seier Halsen i ei pressemelding.