nyhende
Sveio bråsnur og går digitalt i kveld
Berre ein og ein halv time før formannskapet skulle møtast fysisk ombestemte kommuneleiinga i Sveio seg. Kveldens politiske møte blir digitale av smittevern-omsyn.
Sveio kommune planla heilt fram til i ettermiddag fysisk formannskapsmøte og kommunestyremøte.
Heilomvending
Den dramatiske smitteutviklinga på Haugalandet og i landet elles har no fått kommunen til å ombestemme seg.
Klokka 15.31 måndag opplyste Sveio-ordførar Linn Therese Erve (Ap) i ein SMS til Vestavind at møtene likevel blir digitale.
— Etter møte med helseminister i dag blir smittesituasjonen skildra som alvorleg. I lys av informasjon frå helseminister i dag, med forventa innskrenka smittevernreglar og oppmodingar, har me valgt å ta møtet digitalt, seier Erve.
Ho legg til at det er no viktig at innbyggarane held seg til dei til einkvar tid gjeldande smittevernreglar.
Budsjett
Formannskapsmøtet skal etter planen byrje klokka 17 og kommunestyret klokka 17.30.
Kommunestyret skal mellom anna lande kommunen sitt budsjett for 2022.