nyhende
Sveio brannstasjon har fått ny spesialbil
Haugaland brann og redning IKS investerer i åtte nye såkalla «fremskutt enhet». To av desse bilane kjem til Sveio.
Poenget med desse bilane er at dei kan køyra ut før den store brannbilen, og koma raskare fram. Bilen er utstyrt med høgtrykk sløkkjeanlegg, i tillegg til diverse redningsmatriell, til bruk ved trafikkulukker og andre helseoppdrag.
– Eit løft for Sveio kommune. Me gler oss over å få ein trygg bil å rykka ut med, frå før har me ein 1990-modell Toyota Hiace som no blir fasa ut, kommenterer brannmeister i Sveio, Jarle Erdalsdal.
Fleire køyretøy på veg
Egenes brannteknikk AS i Flekkefjord står for oppbygginga av spesialbilane. Ifølgje Ragnar Løfstrøm, leiar innkjøpsavdelinga Haugaland brann og redning IKS, er det investert i åtte «framskutte enheter» totalt. Dei tre første er levert til Sveio, Vindafjord og Suldal.
Sveio sin bil nummer to skal disponerast av heimevaktordninga i kommunen, og blir levert i løpet av 2021. Neste år vil Sveio brannstasjon også få ein heilt ny tankbil.