nyhende

Bibliotekar Anitha Ramsdal (t.v.) og biblioteksjef Kristine Thorkildsen ved Sveio folkebibliotek.ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Bibliotekar Anitha Ramsdal (t.v.) og biblioteksjef Kristine Thorkildsen ved Sveio folkebibliotek.

Sveio-bibliotekarane sine krim-tips for unge og vaksne

Inga påske utan krim. Biblioteksjef Kristine Thorkildsen og bibliotekar Anitha Ramsdal på Sveio folkebibliotek gjer ein vaksen-ung-vri på sine tilrådingar for lesarar som er svoltne på litt blod og gufs mellom permane i påska.

Publisert Sist oppdatert

Om brukarane av Sveio folkebilbliotek låner mest krim til påske?

— Definitivt, seier seier Kristine Thorkildsen og Anitha Ramsdal. Og utlånet tar seg opp i denne høgtida. For få dagar sidan var ei dame innom og fylte opp ein heil sekk med bøker. Og det er fleire som forsyner seg godt før påske.

— Det er jo ikkje sikkert dei les alt. Men dei er gjerne redde for å gå tomme for lesestoff i påska, seier dei. Vestavind har utfordra dei to til å kome med sine krim-tilrådingar til avislesarane. Og då har dei nytta høve til å presentere bøker der forfattaren anten har skrive både barne- og ungdomslitteratur og for vaksne, eller med krim for barn og vaksne som har ein annan raud tråd i seg. — Krim er jo ikkje berre for vaksne, insisterer dei.

Horst

Dei startar med den norske krimkongen Jørn Lier Horst. For tida profilert som ekspert i TV2 sin politiserie «Åsted Norge». Og mange har trekt den tidlegare politietterforskaren til bringa si, grunna bokserien om politimannen William Wisting.

— Jørn Lier Holst er ein av dei som går heilt av seg sjølv på utlån. Folk veit kva tid han kjem ut med ny bok lenge før eg veit det, ler Ramsdal og trekkjer fram boka «Sak 1569» som eit døme på serien.

— Må dei som ikkje er klare for å lese heile serien, starte med den første?

— Nei, ikkje ver redd for å starte på seinare bok for å oppdage ein ny serie. Kanskje startar du med den siste, og får lyst til å lese deg opp på dei første, poengterer Thorkildsen. Lier Holst har også gjort suksess med barne- og ungdomsserien om «Detektivbyrå nr. 2». Bibliotekduoen har leita fram «Operasjon Påskelilje». Anitha les frå omslaget:

— «Det verdifulle maleriet «Påskeliljen» er stole. Politiet har arrestert tjuven, men hen nektar for å ha gjort det. Dessutan er kunstskatten framleis vekke. Så gjer Tiril og Oliver eit mystisk funn utanfor huset til den mistenkte. Klarer dei to detektivane å klare opp saka?»

Ho seier at det er ein del tekst, men også flotte teikningar i boka. Ho tilrår boka for alle mellom 7 og 13 år, seier ho.

Poirot

Neste duo ut er basert på Agatha Christie og romanfiguren som for fleire generasjonar er påskehelten over alle: Herkules Poirot.

— Det er nokon som les den same kvart år. Blant desse har mange ei fast Christie-bok, fortel dei.

Når Vestavind er innom har dei leita fram boka «Perfekt, Monsieur Poirot» for dei vaksne. Boka inneheld heile tre mysterium i Poirotserien: «Guds kvern maler langsomt», «Kom til meg, død» og «Fru McGinty er død». Når det gjeld utvalet for dei unge i Christie-universet, tek dei ein liten vri og hoppar til forfattaren Robin Stevens. Då denne kvinnelege forfattaren var 12 år, skal faren hennar ha gitt henne Agatha Christie boka «Doktoren mister en pasient».

— Då forstod ho at ho ville bli anten Herkules Poirot eller Agatha Christie då ho vart stor, fortel Anitha Ramsdal.

Ho omtalar boka «Et høyt upassende mord» som eit Christie-mysterium for ungdom anno 2019, som er året boka kom på norsk. Ho les frå omtalen av boka:

— «Då Hazel finn frøken Bell i gymsalen, trur ho først at det har skjedd ei skrekkeleg ulykke. Men når ho kjem tilbake med hjelp, har nokon fjerna liket. Saman med venninna Daisy i detektivbyrået Wells and Wong må Hazel finne mordaren og samstundes faktisk bevise at det er eit mord. Men rekk dei det før fleire døyr?» Sherlock Og skal ein snakke om krim, kjem ein ikkje utanfor Sherlock Holmes-universet til forfattar Arthur Conan Doyle.

Denne gongen er det klassikaren «Hunden frå Baskerville» som blir trekt fram som eit tips til alle som ikkje har fått han med seg frå før.

Når det gjeld Sherlock-eventyr for dei yngre, har dei leita fram forfattaren Nancy Springer. Ho har skrive ein bokserie om søstera til Sherlock Holmes, Enola Holmes. Denne handlar om 14 år gamle Enola som storebrørne, deriblant Sherlock, tek over ansvaret for når mora blir borte. «Den forsvunne markien» kom ut så seint som i 2021.

Populær i Sveio

Tidlegare politileiar Hanne Kristin Rohde har også markert seg som krimforfattar. Ikkje minst boka «Det du ikke vet».

— Ho er veldig populær blant vaksne i Sveio, seier Anitha Ramsdal.

Også Rohde byrja å skrive for barn og unge.

— Eg les ungdomsbøkene hennar med stor glede, seier Ramsdal. Ho trekkjer fram «Mysteriet med trusselmeldingane» som eit døme på god krimlesnad for unge.

For armkroken

Lars Mæhle er ein forfattar dei to også har blitt glade i.

— Dette er krim for barnehagen.

«Hvor er påskeegget?» og «Hvor er tøflene mine?» er døme på to flotte barnebøker. Han skriv lett, og det er masse flotte bilde i boka. Som skapt for dei mellom 5-7 år, og som gjerne vil krype opp i armkroken til onkel eller bestefar for å bli lesne for, meiner bibliotek-duoen.

«Djevelen vil alltid finne deg» er døme på ei av vaksenbøkene hans, som dei også meiner er verd å få med seg.

Miljøkrim

Ruth Lillegraven skriv også for både vaksne og barn. Klodeklubben er ein barnekrim-serie på førebels fire bøker.

— Dette er miljøkrim. Sveio folkebibliotek held på å sertifisere seg som miljøfyrtårn, og ein del av det handlar om å kjøpe inn litteratur som handlar om miljø og miljøvern, smiler Kristine Thorkildsen. Dei trekkjer fram at Ruth Lillegraven har med seg ein dyktig illustratør, Jens Kristensen, i boka, som mellom anna har teikna eit flott kart over den litle byen som viser kor handlingane i boka skjer. For vaksne trekkjer dei fram hennar siste bok «Alt er mitt».

— Eg har høyrt henne på lydbok. Eg byrja på henne medan eg gjekk tur langs Ådlandsvatnet heime på Stord, og fann fort ut at den ville eg skru av då. Det vart rett og slett for skummelt, humrar ho. Ho presiserer at det ikkje er så mykje blod og gørr i boka.

— Klara Lofthus er hovudperson i boka og jobbar i eit departement i Oslo. Det handlar mykje om at ho vil ha gjennom eit lovforslag om mishandling av barn. Samstundes har mannen hennar, som er lege, fått eit mishandla barn inn på avdelinga si, og etter kvart blir faren mistenkt for forholdet, fortel Thorkildsen. Ho legg til at ho synest det er litt artig at ekteparet, som historia er spinna rundt, kjem frå høvesvis Vestlandet og Oslo.

— Austlandet treffer Vestland på fleire punkt. Ho er noko utslipt, medan han kjem frå eit litt finare heim, smiler ho

Powered by Labrador CMS