nyhende

Carmen Bjørksveen Sveen, Raia Eriksen Radulov fekk ein 1. premie med heim frå Haugesund.
Carmen Bjørksveen Sveen, Raia Eriksen Radulov fekk ein 1. premie med heim frå Haugesund.

Sveio-bedrift vann matgledepris

Elevbedrifta Pizzeria CR EB frå Sveio skule vann matgledeprisen under meisterskapen for elevbedrifter som blei gjennomført på Quality Hotel Maritim i Haugesund måndag.

Publisert Sist oppdatert

– Denne bedrifta har jobba fram eit sunt, smakfullt og framtidsretta mattilbod til barn. Bedriften er god på økonomi, heiter det i juryen si vurdering.

Juryen i denne klassen besto av Stian Nilsen (Opplæringskontoret for restaurant- og matfag i Rogaland), Marit Larsen (Næringshagen i Ryfylke) og Roger Veland (Level Mathuset AS).

Fem bedrifter frå Sveio

Bak Pizzeria CR EB står tiandeklassingane Carmen Bjørksveen Sveen (10A) og Raia Eriksen Radulov (10B).

– I alt deltok 26 elevar fordelt på fem elevbedrifter frå Sveio skule på meisterskapen i år, fortel lærar Målfrid Nymark.

Ho har hatt ansvar for valfaget utvikling av produkt og tenester dei siste tre åra, og er svært positiv til denne forma for læring.

– Det er eit praktisk pustehol frå all teorien i dagens grunnskule, seier ho.

Ros og ris til kommunen

For sveioelevane var det ekstra stas at ordførar André Mundal Haukås var med dette året. Det er første gongen den politiske leiinga i kommunen har stilt opp på denne måten, fortel Nymark. Ho er likevel litt skuffa over kommunen på andre felt.

– Det er trist at kommunen ikkje ser seg råd til å betala skyssen for elevane til eit slikt arrangement som er så sterkt knytta til undervisningsplanen vår. Heldigvis får me vera med på meisterskapen i Rogaland, og Rogaland fylkeskommune stilte opp og betalte for transporten vår denne gongen, fortel Nymark.

Haraldsvang-bedrift til topps

50 elevbedrifter frå ti ulike skular i Nord-Rogaland og Sveio deltok på meisterskapen. Det blei kåra vinnarar i sju ulike klassar. Alle kommunane som var representerte, henta heim prisar.

Den gjevaste prisen, Årets Elevbedrift, gjekk til SømDrøm EB frå Haraldsvang ungdomsskole i Haugesund. Om denne verksemda sa juryen at dei syr produkt av restestoff og at produkta deira har høg kvalitet og er prega av godt handverk.

Det var Ungt Entreprenørskap Rogaland som arrangerer meisterkskapen. Dagleg leiar Maria Aasbø fortel at det blir tilsvarande meisterskap for elevbedrifter i Sør-Rogaland onsdag.

Powered by Labrador CMS