nyhende

Unge hjelparar: F.v. Magnus Christiansen, Sivert A. Andersen, Daniel Stueland og Lukas Gismarvik var med på klesinnsamling i Sveio og på omlasting av sekker i Haugesund.
Unge hjelparar: F.v. Magnus Christiansen, Sivert A. Andersen, Daniel Stueland og Lukas Gismarvik var med på klesinnsamling i Sveio og på omlasting av sekker i Haugesund.

Sveibuen viser stor givarglede for naudhjelp til Ukraina

Ein gong årleg har Open Heart aksjon på Haugalandet, som resulterer i både klede og pengar til naudhjelp for trengande i Ukraina. Sveibuen, som alltid stiller opp, har aldri bidratt med så mykje pengar som i år.

Publisert Sist oppdatert

I helga blei det samla inn klede på tre stader i kommunen: Auklandshamn, Førde og Sveio sentrum. Det kom inn rundt 400 sekkar med klede, inkludert nokre sekker med julegåver. Som alltid var det mogleg å senda med fraktpengar per sekk, og kjøpa lodd til basaren, som hadde trekning på Filadelfia i Auklandshamn søndag.

195 000 kroner

Aksjon har det også vore i Haugesund, Karmøy og Vindafjord. Oppsummert gav vindafjordingane mest klede, mens det dette året kom inn mest penger frå Sveio, rundt 195 000 kroner er resultatet.

Totalt blir 2 500 sekkar med klede og 575 000 kroner blir sendt som naudhjelp til Ukraina.

Naudhjelp og oppfølgjing

– Eit fantastisk resultat, og det til og med i ein situasjon der smitteverntiltaka har sett visse avgrensningar for innsamlingsarbeidet, kommenterer dagleg leiar i Open Heart, Halvard Hasseløy. Dei innsamla pengane går til drift av Open Heart sitt arbeid som omfattar både akutt naudhjelp og langsiktig oppfølgjing av barn, familiar og eldre. Mange ukrainarar har mista jobb og inntekter grunna koronapandemien. Ein god del av pengane går til å hjelpa desse med mat og medisinsk oppfølgjing.


Saka er oppdatert med nye tal for innsamla pengar, 10. november 2020.

Powered by Labrador CMS