nyhende

Skilt langs Fv 47 laurdag føremiddag, Sveio sentrum (nordre innkøyrsel) til høgre.
Skilt langs Fv 47 laurdag føremiddag, Sveio sentrum (nordre innkøyrsel) til høgre.

Sveibuen har fått kort veg til amerikansk storby

Skulle berre ein til tur butikken for å handla, men så havna du i LA? Ikkje kjekt når det skjer, men det er det skiltet, som står på både ved nordre og søndre innkøyrsel til Sveio sentrum laurdag føremiddag vil ha oss til å tru.

Publisert Sist oppdatert

Skiltet der det står «Welcome to LA» er limt oppå det den opphavlege henvisninga, der det eigentleg står Sveio sentrum. Utforminga ser ut til å vera heilt i tråd med Statens vegvesen sin standard for utforming av skilt, med både rette fargar og bokstavar. Men sjølv om ein følgjer skiltet, ser ein ikkje noko til verken filmstjerner, casino eller strålande sol i retninga.

Her også, ja, slik at ingen tar feil?

Eit litt eksotisk innslag er det, sett bort i frå dei få plussgradane me har i dag. Los Angeles er den nest største byen i USA, der det bur det fleire millionar menneske, ikkje heilt i tråd med innbyggjartalet som soknar til Sveio sentrum.

Her er det mykje som ikkje stemmer, med andre ord.

Kven er det som har tatt seg bryet med å fikla med skiltet? Ein kan undrast om dette er eit lite stunt i samband med ei aktuell politisk sak som pågår i Sveio no.

Veit du noko? Ta gjerne kontakt med Vestavind.

Powered by Labrador CMS