nyhende
Sveibuar tok bronse i volleyball-NM
Karmsund Vidaregåande skule sitt volleyball-lag har mykje av to ting, talent og sveibuar. I helga spelte dei seg til bronsemedalje i Noregsmeisterskap for vidaregåande skular.
— Ei veldig kjekk oppleving, mange koselege folk å spele med, seier Arne Martin Helland, kaptein på laget.
Laget frå Karmsund Vidaregåande skule er blanda mellom kjønna, så det er både jenter og gutar som speler saman.
Heim med bronse
I helga var laget i Førde for å spele eit Noregsmeisterskap for vidaregåande skular. Der spelte dei godt i frå seg. Laget nådde heilt til tredje plass på pallen og ein bronsemedalje.
Det vart seks kampar spelt før dei rauk ut i semifinalen mot Volda, første sett 27-29 og andre sett 17-25. Helland var nøgd med innsatsen deira, men ikkje utfallet av kampen.
— Det var ein veldig jamn kamp og eit veldig jamnt sett, så det var surt å tape den, seier Helland.
Volda enda seinare opp med å vinne finalen og ta gull i meisterskapet.
Feira med pizza og brus
Bronsefinalen vart spelt mot Lyngdal. Der tapte Karmsund første sett 15-25, men vann andre sett 25-14 og vann tredje sett 15-11.
— Korleis feira dokker?
— Me kjøpte pizza og brus, og så feira me der, seier Helland.
Totalt deltok 24 lag frå heile landet i mix-klassa.
Ole Johan Sveen er trenar for gutane på laget, gjennom Sveio IL sitt volleyball-lag. Han gjev ros for kva laget har oppnådd.
— Det heng litt høgt. Eg er veldig stolt over kva dei har prestert, seier Sveen.