nyhende

Sveibuar med ny musikk

I dag gir RÜ ut singelen «Jazzy Friday», og Glenn Rand gav i august ut ny EP med fem låtar.

Publisert Sist oppdatert

«Jazzy Friday» ein låt mange allereie har opplevd på konsertane hennar det siste året. Og låten er den fjerde og siste singelen i RÜ sin «Palestina-tetralogi» der singelcovera til saman utgjer fargane i det palestinske flagget.

Tetralogien består av singlane «Yeehaw», «goGgo», «Freedom Shanty (From the River to the Sea)» og «Jazzy Friday».

RÜ beskriv sjølv «Jazzy Friday« som ein låt om endring, det å skapa noko nytt, gå bort frå gamle vanar og å setta eiga helse først.

Kritikerrost

22 år gamle RÜ – alias Ruth Victoria Rømhyr – skriv R&B og gav i oktober 2023 ut det kritikerroste debutalbumet «La Petite Princesse». Sveibuen bur og jobbar med musikken sin i Oslo.

På forsommaren i fjor hadde ho sine første konsertar. 2024 starta ho med to fullsette konsertar på Trondheim Calling – dei blei rosa av både publikum og kritikarar – og ein serie på foreløpig sju singelutgivingar gjennom året. Trondheim Calling ble etterfølgd av blant anna konsertar på Salt i Oslo, Bergen Pride og Melafestivalen.

Her kan du høyra den nye singelen:

Lyttelink Soundcloud og Box, WAV/MP3

Gjennom Glennen sin auge

Glenn Rand, som nyttar artistnamnet Glennen, gav i august ut ny EP, «Igjennom mine auge». Den innheld fem låtar i sjangrane vise, pop/rock og singer/songwriter med gode melodiar og melodiøse soloar.

Tekstane har variert innhald, og som tidlegare låtar er tekstane personlege og ærlege.

– «Ein stille mann» handlar om tida etter dødsfallet til min forlovede. Korleis ein skal koma seg gjennom tapet av den ein elskar som tok sjølvmord, seier Glennen.

«Sku ønske det var oss», «No dansar eg med deg» og «Du er alt eg ser» handlar om forskjellige kjærleikshistoriar. «Bak skya« er ein tekst om hans eigne barn.

Her kan du høyra den nye EP:

Spotify

Powered by Labrador CMS