nyhende
Sveibuar forskar for å betre kvinnehelsa
Sigrund Breistig frå Sveio deltar neste veke i Forskar Grand Prix. Der skal ha ho snakke om si forsking på digital rehabilitering for kvinner som har overlevd underlivskreft. Ragnhild Johanne Tveit Sekse, også ho frå Sveio, er vegleiaren hennar.
Den utflytta sveibuen Ragnhild Johanne Tveit Sekse jobbar til dagleg som spesialist i sexologisk rådgiving i halv stilling ved Kvinneklinikken på Haukeland sjukehus i Bergen, og har også ei halv stilling ved VID vitskapelege høgskule. Sidan 2016 har ho leia ein studie som har resultert i utviklinga av eit nytt nettbasert rehabiliteringstilbod, kalla Gynea.
I snart to år har Sigrund Breistig frå Sveio hatt ei stipendiatstilling ved VID, knytt til det same prosjektet. Ho bur på Bråtveit, har permisjon frå undervisningsstilling ved sjukepleiarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet på Stord og har elles bakgrunn frå gynekologisk avdeling ved Haugesund sjukehus.
Får dårleg oppfølging
Saman slår dei to fast at kvinnehelse generelt, og spørsmål knytt til etterverknadar av underlivskreft spesielt, ofte opplevast som både utfordrande og tabubelagde, både for pasienten og for tilsette i helsevesenet.
— Kvinner synest at det er vanskeleg å ta opp spørsmål knytt til etterverknadar av underlivskreft og helsepersonell er dårlege på å ta temaet opp i samtaler med sine pasientar, seier dei.
Sekse legg vekt på at sjølv om prognosane er gode for overlevande underlivskreft-pasientar, opplever mange både diagnose og behandling som djupt eksistensielt. Like fullt fortel kvinner dei har intervjua om dårleg oppfølging når kommunehelsetenesta overtar ansvaret for pasientane frå spesialisthelsetenesta. Dei får i det heile liten informasjon om kva ein kan vente seg av ulike utfordringar som langtidsoverlevande etter gynekologisk kreftsjukdom.
Det er denne problematikken Sekse har fått høve til å jobbe nærare med dei siste fem-seks åra. Etter å ha utvikla og gjennomført eit gruppetilbod for pasientgruppa, blei Sekse spurt om å vere med på å utvikle eit digitalt støtteprogram som ein del av eit stort forskingsprosjekt. Det er ein del av INTROMAT-programmet, eit omfattande IKT-prosjekt som skal betre folkehelsa ved å utvikle persontilpassa og teknologibasert psykologisk behandling for menneske i og utanfor helsetenesta. Her blei psykososial støtte til kvinner som har overlevd gynekologisk kreft etablert som eit av fem delprogram. Og det er her det nettbaserte rehabiliteringsprogrammet Gynea er utvikla, under leiing av Sekse.
Digital rehabilitering
Gynea handlar kort forklart om å kople somatikk (fysisk sjukdom) med psykisk helse i rehabilitering av kvinner som er ferdigbehandla for underlivskreft. Programmet består av ulike modular, og er bygd kring tre fiktive kvinner med ulik alder, ulik form for underlivskreft og utfordringar knytt til kroppslege endringar som overgangsalder, seksualitet, fatigue (vedvarande utmatting) og uro for tilbakefall.
— Slik skal flest mogeleg av brukarane kunne kjenne seg att, fortel ho.
Modulane i programmet har fokus på kroppslege endringar og utfordringar knytt til fjerning av eggstokkar, seksuell helse og kva utfordringar ein opplev i høve til det etter å ha blitt operert for underlivskreft. Ein eigen modul handlar om kreftrelatert fatigue, og ein anna handlar om frykt for tilbakefall.
— Uro for tilbakefall handlar både om den naturlege frykten som ofte kjem når ein opplever å få kreft, ei frykt som kan bli altoppslukande og kan gå over til konstante bekymringstankar og angst, forklarer Sekse.
Gjennom Gynea er målet at kvinnene både skal få kunnskap, innsikt og verktøy til å handtere dei ulike utfordringane dei erfarer.
Sigrund Breistig har forska spesielt på korleis det er å vera ferdig behandla for underlivskreft, og korleis det er å ta del i eit nettbasert rehabiliterings program etter sjukdom og behandling.
Forskingsresultata er ikkje publiserte endå, men eit omgrep som beskriv opplevinga frå ei av kvinnene som tok del var «livsnødvendig», fortel ho.
Deltek i Forskar Grand Prix
Under Forskingsdagane i Bergen neste veke skal Breistig delta i Forskar Grand Prix. Det er ein formidilingskonkurranse kor ho skal konkurrere mot ni andre forskarar, alle med forskjellige emne. Breistig er den einaste som har eit helserelatert tema. Alle får fire minuttar på å presentere si forsking på eit språk ålmenta lett kan forstå.
— Eg kjem til å innleie presentasjonen min med ei forteljing frå ei av kvinnene eg har intervjua. Den handlar blant anna om kjensla av å stå åleine med alle utfordringane som melder seg etter at ho er ferdig behandla, fortel Breistig.
Om ho går vidare til ein andre runde, vil ho fokusere på kva utbytte pasientar kan ha av eit digitalt program.
Presentasjonen, som finn stad i Bergen onsdag, blir også strøymd på internett, og alle som ser på kan vere med på stemme fram sin favoritt.
Gir frå seg «babyen»
Rehabiliteringsprogrammet Gynea går denne hausten frå å vere eit studie til å bli implementert som ein del av tilbodet ved Vardesenteret.
Vardesenteret er eit samarbeid mellom helseføretaka og Kreftforeininga. Dei gir råd og vegleiing til kreftpasientar og deira pårørande.
Ragnhild Johanne Tveit Sekse er glad for at Gynea skal leve vidare, sjølv om det blir utan henne. Ho skal halde fram i sine jobbar på sjukehuset og ved høgskulen.
— Det er slik det er, nokre gonger må ein gi frå seg nokre «babyar,» seier ho.
Ho trur Gynea er i gode hender, og legg til at programmet nokså enkelt kan utviklast til kunne brukast på andre kreftpasientgrupper og deira rehabilitering.
Vil jobbe for ny etterutdanning
Sigrund Breistig ønskjer å arbeide for at det skal etablerast ein etterutdanning innan gynekologisk sjukepleie.
Eiga etterutdanning for gynekologisk sjukepleie finst i fleire andre land, men ikkje i Noreg. Det vil Sigrund Breistig jobba for å gjere noko med.
Ragnhild Tveit Sekse delar Breistig meining om at det hadde vore nyttig med ei eiga etterutdanning innafor kvinnehelse, eit felt ho meiner det er for lite fokus på, og rett og slett har for låg status innan medisinen.
— Kvinnehelse er framleis dårleg dekt og blir for dårleg følgd opp i norsk helsevesen. Går ein til fastlegen er det mykje som framleis blir bagatellisert. Kvinner treng betre oppfølging og behandling enn det ein får i dag, slår dei to fast.