nyhende

Sveibuar bak historisk leikepark

Rex Garden er ein turistmagnet. Både denne parken og «filialen» Rex Island har gjort Kenneth Ravn Ottesen sine treskulpturar kjende i vide krinsar. Nå er motorsagkunstnaren frå Sveio også representert ved Avaldsnes kirke og Nordvegen historiesenter.

Publisert Sist oppdatert

– For meg har det vore utruleg interessant å få arbeida på ein stad med så mykje vikinghistorie samla, seier den vikinginteresserte kunstnaren med motorsag.

Det er sveiofirmaet Norsk Lek og Park AS som har hatt oppdraget med å opparbeida ein leikepark vest for Olavskyrkja og like ved Nordvegen historiesenter. Dei har i sin tur engasjert mellom andre Ottesen til utforming av leikeapparat med vikingtilsnitt.

– Målet har vore å laga ein park der det går an både å leika og læra, seier Marit Synnøve Vea i Avaldsnes-prosjektet.

Utsett opning

Utbygginga av parken har vore mogleg på grunn av eit tilskott på ein million kroner frå Sparebankstiftelsen. Karmøyordførar Jarle Nilsen skulle ha opna leikeparken 14. mai. På grunn av smitteverntiltaka mot koronavirus er denne opninga nå utsett til hausten. Små grupper av barnehageborn har likevel fått prøva seg litt som vikingar.

Tor Røykenes i Norsk Lek og Park AS på Hanaleite er svært nøgd med både oppdraget og resultatet på Avaldsnes.

– Det er eit prosjekt litt på sida av det me elles driv med. Me kom inn sidan me har rammeavtale med Karmøy kommune, forklarar han.

– Flinke handverkarar

Sveiofirmaet starta på prosjektet i fjor haust. Dei har samarbeidd med eit stort ingeniørfirma og med Optimalbygg sin  snekker Robert Frøyland. Det er Frøyland som har utforma vikingskipet og hytta i leikeparken.

Kenneth Ravn Ottesen har utforma sine figurar ut frå limtreemne denne gongen, sidan det var vanskeleg å finna materiale i heiltre. Samlinga omfattar mellom anna ein sel, ein, hest, Odin med det eine auget og to solide tronstolar.

Den eine har krossen som kristent symbol, den andre ein av Odin sine ramnar som symbol på den gamle åsatrua. Avaldsnes har vore ein møteplass for gammalt og nytt også når det gjeld åndslivet.

– Det er alltid spanande å jobba med Kenneth. Resultatet blir oftast betre enn nokon kunne tenkt seg, seier Røykenes.

Powered by Labrador CMS