nyhende

Sveibu skal lokka unge til sjøs

Odd Andreas Rydningen frå Rød meiner me alltid vil vera avhengige av havet. Han elskar å finna ut korleis elektriske anlegg er bygde opp. Difor blei han skipselektrikar. No er han handplukka til å fortelja om yrket sitt.

Publisert Sist oppdatert

– Eg synest det er spennande å sjå korleis alt heng saman innan elektro. Alt er ulikt, og på sjøen kjem ein innom ekstremt mykje variert og spesielt, seier Rydningen i ei pressemelding som Maritim Karriere har sendt ut.

Dette er ein del av ein kampanje fram mot søknadsfristen til høgare utdanning som er 15. april.

Variert kvardag

22-åringen frå Sveio har alltid har alltid interessert seg for elektronikk og alltid vore glad i sjøen. Etter å ha hatt jobbar innan fiskeoppdrett og som avløysar og vaktmeister, var det naturleg for han å sjå mot maritim næring. Første året på vidaregåande tok han på skuleskipet «Gann». Derfrå gjekk turen vidare til VG2 og VG3 på Karmsund videregående skole.

– Eg likar ein variert kvardag, og valde elektrikaryrket for å prøva noko nytt. Det høyrdest svært spennande ut med ein variert kvardag på sjøen, seier Rydningen.

Nøye utvald

No er han ein av ti nøye utvalde ambassadørar for kampanjen Maritim Karriere. Bak denne kampanjen står Maritimt Forum og Norges Rederiforbund med støtte frå Norsk Maritim Kompetanse. Målet er å visa fram utdanning og yrke innan maritim sektor.

–  Me vil visa at maritim næring er attraktiv, relevant og framtidsretta. For å få inn dyktige fagfolk om fem-ti år må me nå dei unge i dag på ein god måte,seier Karin Gjerløw Høidahl i den same pressemeldinga.

Ho er seksjonsleiar for kompetanse, rekruttering og utdanning i Norges Rederiforbund.

Rydningen og dei andre ambassaførane sine oppgåver er å fortelja historiene sine og skapa engasjement ved å visa fram arbeidsplassane og studieløpa sine.

Må vera løysingsorientert

Rydningen meiner dei som søkjer seg til maritime yrke, må lika utfordringar.

– Dei må lika å vera på sjøen og jobba i turnus. Dette er yrke som passar for folk som likar å leita fram løysingar og bruka hovudet. Eg jobbar på ein stor båt med mykje utstyr, så det er alltid mykje å følgja opp, seier Rydningen.

Powered by Labrador CMS