nyhende
Sveibu rydda så bra at fylket gløymde eigne bosspann
To bosspann i Sveio sentrum har vore eigarlause i fleire år, men likevel tømt regelmessig. Korleis er det mogeleg? Svaret er ein mann frå Hovda med namn Trygve.
Tidlegare har det vore skrive om «spøkelsesbosspanna» i Sveio sentrum som ingen offentleg instans meiner dei har ansvaret for. Det kan høyrast rart ut, då bosspanna vart sette opp for om lag tre år sidan. Først i sommar har dei vorte overfylte. Og først då dukka spørsmålet om kven som har ansvar for dei opp.
I slutten av september vart dei endeleg tømt etter å ha flauma over i minst ein månad. Det gjorde Statens vegvesen sin entreprenør Mesta.
– Korkje fylkeskommunen eller Sveio kommune har vore klare over dei, seier Roger Lemme, byggeleiar for drift og vedlikehald i Statens vegvesen.
Fleire år med dugnad
Han fortel at dei endeleg har funne ut av saka, og ikkje minst kvifor dei ikkje har vorte merksam på det tidlegare. Det skuldast nemleg ein lokal mann.
– Dei har vanlegvis vorte tømt av ein pensjonist som har rydda i sentrum. Og når han slutta med det vart dei overfylte, seier Lemme.
I fleire år har nemleg Trygve Hovda plukka og rydda boss i Sveio sentrum, tre dagar i veka. Då han for ei stund tilbake måtte på sjukehus, vart det ikkje mogeleg å halda fram med ryddinga. Og då vart problemet tydeleg og synleg.
– Sidan dei har vore kontinuerleg tømt har me ikkje vore gjort klar over dei. Eg trur både me og kommunen nok har tenkt at det var kvarandre som tømte dei, seier Lemme.
– Korleis vart dei sette opp utan å vera inkludert på kartet dykkar?
– Me var nok klar over dei når dei vart sette opp, men har ikkje tenkt over kven som skal tømma dei og kor ansvaret låg, svarar Lemme.
Løa frå 1907 og heimen eldre
For tida er mannen bak mysteriet, Trygve Hovda, tilbake i heimen sin på Hovda. Der er han på betringa si veg etter å ha vore vekke frå ryddinga ei god stund.
– Det var to og ei halv veke på sjukehuset, og deretter eit opphald på omsorgssenteret, seier Hovda.
– Korleis går det med helsa no?
– Det går betre. Eg brukar stokk og det hjelper godt, svarar han.
Huset han bur i er det same han er oppvaksen i. Fødd i 1946 er han langt yngre enn huset og løa ved sidan av.
– Løa har ein murstein kor det er gravert året 1907 i. Og huset er eldre enn den, fortel Hovda.
Det var bestefar hans som budde her først. Sidan den gong har det kome ein del nytt, mellom anna drivhus, då Hovda har ein kjærleik for å ha hendene i jorda.
– Eg er ganske interessert i planter. Eg brukar å ha grønsaker, og i drivhuset brukar eg å ha tomatar. Men det vart ikkje noko av i år grunna eg var på sjukehuset. Det var for seint å planta då eg kom heim att dessverre, seier han.
– Har du noko favorittplante eller grønsak å dyrka?
– Hmm, eg har hatt både paprika og agurk, svarar Hovda.
For å ha ein jobb
Utanfor i hagen står det også ein amerikansk blåbærbusk som stod og venta på at Hovda skulle kome att frå omsorgssenteret.
– Den har store bær. Det var ein god del der då eg kom heim, så eg har plukka ein del der, seier han.
I sommar fylte han 77 år, og kan sjå tilbake på mange år med å halda Sveio rein og fin.
– Kvifor byrja du med ryddinga?
– Det var for å ha ein jobb å gjera, seier Hovda.
Han fortel at det er ei ordning med kommunen kor han mottek godtgjering for ryddinga.
Eit kjend syn for mange
Nøyaktig kor mange år sidan det byrja er han ikkje sikker på, men hugsar at etter nokre år vart han vaktmeisterassistent og hjelpte vaktmeisteren med litt av kvart.
– No jobbar eg meir sjølvstendig og finn det som skal gjerast sjølv, seier Hovda.
– Har Sveio sentrum endra seg i løpet av den tida du har rydda?
– Det har ikkje vore så store forandringar. Nei, stort sett det same, svarar han.
For mange er han nok eit kjend syn i Sveio sentrum, og fleire har gjeve han tilbakemeldingar på at dei ser han stå på i all slags vêr.
– Mange seier eg er flink medan eg går rundt og plukkar, seier Hovda.
– Kva synest du om det?
– Jo, det er jo kjekt å høyra, smiler han.
Framleis sprek
Frederik Aalo Flood er einingsleiar for drift- og anleggsavdelinga. Han har kjennskap til ordninga med Hovda og kjem med berre ros.
– Han har gjort utruleg nyttig og god innsats gjennom mange år, seier Flood.
Sidan Hovda er på betringa si veg håpar han å kunne ta opp ryddinga att, berre litt sjeldnare.
– Eg kunne gjerne tenkt meg å koma tilbake å rydda to dagar i veka, i staden for tre, seier Hovda.
Byggeleiar Lemme i Statens vegvesen stadfestar at entreprenøren Mesta no tek over ansvaret for bosspanna, og at framover skal dei tømmast regelmessig. Då får dei tømmande frå Mesta mogelegvis møta på Hovda viss han kjem tilbake, noko han sjølv trur skal gå fint.
– Eg er framleis sprek. Eg dreg opp mitt eiga fulle bosspann opp frå løa til vegen. Det er ikkje noko problem, avsluttar han.