nyhende
Sveibu og haugesundar nominerte til Spellemannspris
Fiolinist Nils Økland frå Haugesund og keyboardist Sigbjørn Apeland frå Sveio har vore musikalske partnarar i 30 år. No er dei nominerte til spellemannspris i open klasse for albumet «Glitter».
Økland har allereie ein Spellemann i open klasse frå 2017, og no kan det bli ein ny saman med Apeland med albumet dei gav ut i fjor.
Albumet «Glitter» er utgive på ECM Records, og du kan høyra det her.
Streaming i staden for NRK
Årets utdeling går av stabelen torsdag 4. april på Clarion Hotel The Hub i Oslo, med ei storslagen festaftan for heile den norske musikkbransjen. Totalt er det 26 kategoriar i årets Spellemannspris.
Nytt av året er at Spellemann har valt å inngå eit strategisk samarbeid med Nettavisen og Amedia som mediepartner. Så i staden for sending på NRK blir årets prisutdeling streama direkte og gratis for alle med Nettavisen som hovudplattform.
Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar og musikkforskar. Han arbeider i grenseland mellom folkemusikk, kyrkjemusikk og improvisatorisk musikk. Han vaks oppi Sveio og studerte utøvande kykjemusikk ved Rogaland Musikkonservatorium og etnomusikologi frå Universitetet i Bergen. Som stipendiat ved Griegakademiet gjennomførte han dr. art. på avhandlinga Kyrkjemusikkdiskursen. Musikklivet i Den norske kyrkja som diskursiv praksis (2005).
Apeland har vore kantor i Ølen og i Sandvikskirken i Bergen. I dag er Apeland førsteamanuensis ved UIB, ei stilling primært knytt til folkemusikkarkivet Arne Bjørndal si samling.
Økland
Nils Økland er musikar og komponist (hardingfele, fiolin, Viola d’amore). Han har spela i ei rekke ensembler (Løver og Tigre, Balkansemblet, Oslo Tangoforening, Skinn og Bein Supersilent) og deltatt på utallige plateinnspillingar.
Han var leiar for Ole Bull-akademiet i seks år, har turnert i mange europeiske land, Midtausten, USA, Kina og Japan. Økland fekk Rogaland fylkeskommune sin kulturpris for 2010, Osaprisen 2010 og Haugesund kommune sin kulturpris 2011.
I 2015 vann han Folkelarmprisen i open klasse med Nils Økland band, kor også Sigbjørn Apeland er fast medlem, og i 2017 vann han sin første sin Spellemann under Spellemannprisen 2017 i open klasse for albumet «Lysing» frå 2017.