nyhende
Sveibu kan bli ordførar i Haugesund
Nominasjonskomiteen i Haugesund Høgre har nominert den utflytta sveibuen Nils Konrad Bua (38) på førsteplass på lista framfor bystyrevalet neste år.
Nyhenda vart slept på ein pressekonferanse på Landsmannstorget i Haugesund sentrum onsdag ettermiddag.
Nils Konrad Bua (38) er rett nok busett i Haugesund, men både for sambygdingane på Bua, kor han vaks opp, og elles i Sveio, er han sveibu god som nokon.
Bua er elles ein kjend skikkelse i handelsbyen Haugesund. Samen med faren Helge, som gjekk bort tidlegare i år, har han bygd opp Condor-butikkane. Den ein ligg midt i Haraldsgata, den andre på kjøpesenteret Amanda.
Mora er Elin Bua, som er hovudtillitsvald i Fagforbundet i Sveio kommune.
— Me er ein engasjert familie, slår Bua fast overfor Vestavind.
Hadde egentleg sagt nei
38-åringen er inne i si tredje periode i bystyret, og hadde opphavleg sagt nei til ein ny periode. Så bestemt var han, at han i praksis hadde diskvalifisert seg sjølv som listekandidat, ved å stille som medlem av nominasjonsnemnda.
Men då førespurnaden om førsteplassen kom, klarte han ikkje å seie nei.
— Dette viser vel at eg er lett å overtale, seier han.
— Det var vel førsteplass som freista litt ekstra?
— Så klart. Det er ei steg opp, og ein posisjon som betyr noko. Det triggar meg, seier han.
Han legg vekt på at det som var utslagsgjevande for å seie ja til førsteplassen, er at nesten heile resten av Høgre si bystyregruppe vil vere med vidare.
Alt starta på Bua
Det var heime på Bua den unge Nils Konrad tidleg vart lagt merke til for engasjementet sitt. Han var aldri redd for å stikke hovudet fram.
Ein av dei første gongene han dukka opp i Vestavind, var då han hadde skrive brev til idolet Vegard Ulvang og fått signert bilete av langrennshelten.
— Vestavind hadde jo lokale på kaien på Bua den gongen, så det var kort til avisa, ler han.
Litt seinare vart han den første ordføraren i Sveio ungdomsråd, då det vart etablert midt på 90-talet.
Engasjement for Sveio har han framleis, og han deltok aktivt i den betente skuledebatten i fjor.
For han veit godt kva det betydde for Bua å miste skulen sin si tid.
— Skulen er utruleg viktig for bygdene. Og for Haugesund kommune sin del, så kan eg love at om eg blir ordførar, så skal skulene både på Røvær og Saltveit leve vidare i perioden, seier
Heime på Bua er han nesten kvar helg
— Eg har eit hus der som eg brukar mykje, og eg har jo heile slekta mi der, seier han.
Eit blikk utanfrå
Det er Petter Steen jr., sjølv ein åttandedels sveibu, mangeårig lærar og no rådgjevar i Sveio kommune, som er leiar i nominasjonskomiteen i Haugesund Høgre. Han hadde også sjølv ordførarvervet i Haugesund i 14 år, frå 2001 til 2015.
— Nominasjonskomiteen er veldig nøgd med at Bua har sagt ja til førsteplassen. Me trur at hans engasjement for eit levande bysentrum i Haugesund vil vere tenleg for regionsenteret mellom Bokn og Bjørnen, seier Steen til Vestavind.
Han legg også til grunn at det er positivt med ein kandidat på topp som er kjent med distrikta rett utanfor bykommunen.
— At Nils Konrad i oppveksten budde i ein nabokommune, og såg inn til byen, trur me er positivt både i høve til byen og regionen rundt, seier han.
Hovudpersonen nikkar til det.
— I eit regionsperspektiv er det ein viktig funksjon Haugesund har. Det kan eg som sveibu alt om. Det kan hende eg har eit anna perspektiv og vinkling enn andre, og ser det større bildet, kor alt heng saman med alt. Det er noko eg trur eg får bruk for, spesielt i framtida når, me i nord skal stå i mot sør, seier han og viser til dei stadige kampane mellom Nord-Jæren og Haugalandet.
Det er ein månad sidan Bua sa ja til førsteplassen. Det skjedde i Sveio det også, på Petter Steen jr. sitt kontor på kommunehuset.
— Det viser jo at det er tette band mellom Sveio og Haugesund. Og kanskje kan me skapa banda endå tettare i tida som kjem, seier han.
— Kva tenkjer du om at Sveio blei verande i Vestland etter folkerøystinga i kommunen i fjor?
— Eg vil ha vekk heile fylkeskommune, slik at me kan stå saman hundre prosent i eitt og alt hundre prosent. Det er mi personlege meining, og ein kongstanke langt der framme, seier han.
Kanskje to ordførarar frå Bua
Det er nominasjonsmøte i Haugesund Høgre i november, men ingenting tydar på at det blir kamp om førsteplassen.
Om Nils Konrad Bua blir valt til ordførar neste haust, vil det ifølgje Steen vere første gong på 40 år at det blir ein ordførar i byen som ikkje kjem frå offentleg sektor. Og han meiner at Bua si røynsle frå privat næringsliv god å ha med seg i ei eventuell ordførar-rolle.
Bua fekk mange personstemmer ved førige val. No er spørsmålet om kor sterk Høgre-vind det blæs over Haugesund neste haust.
— Eg blir jo veldig glad om han skulle slå gamalordføraren som i 2007 klokka inn 39,94 prosent av røystene, humrar Steen.
PS! Etter valet neste haust kan Bua-bygda kanskje skryte av å ha to ordførarar på Haugalandet. Då må Nils Konrad Bua (H) vinne valet i Haugesund, og Sigmund Lier (Ap), også han opphavleg frå Bua, få fornya tillit av veljarane i Tysvær.