nyhende

Haugaland tingrett og Sunnhordland tingrett var blant domstolane som vart slått saman.ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Tinghuset i Haugesund, kor dei fire styremedlemmene har kjempa for si sak i to omgangar. Først i tingretten, kor dei vann - så tapte dei ankesaka i lagmannsaretten.

Sveibu fekk samfunnsstraff for råkøyring

Mannen vil teste kor fort bilen kunne køyrei første gir, då han vart stansa av politiet. No har han fått si straff i tingretten.

Publisert Sist oppdatert

Det er ein yngre mann busett i Sveio kommune som i Haugaland og Sunnhordland tingrett nyleg vart dømt til samfunnsstraff. Dette etter at bilen han køyrde vart målt til ei fart på 111 kilometer i timen i ein 60-sone på Karmøy ein kveld i mars i år.

Ville teste bilen

Mannen forklarte til politiet då han vart stoppa at han ville teste kort fart bilen han køyrde kunne oppnå i første gir, og at det var difor bilen var kome opp i så høg fart.

Retten er ikkje imponert over køyringa, men legg i si straffutmåling til grunn at sjølv om det var mørkt, så var vegen godt opplyst og det var liten trafikk på staden.

«Det er med dette ikkje skjerpande omstende ved køyreforholda utover det faremomentet den høge hastigheita i seg sjølv medførte», heiter det i dommen.

Men retten finner det skjerpande at domfelte hadde med seg ein passasjer i bilen.

Aktor fekk ikkje medhald

Aktor, politiadvokat Anne Marthe Møinichen, la under hovudforhandlingane, som gjekk for tingretten i Haugesund tidlegare denne månaden, ned påstand om fengsel utan vilkår i 32 dagar for mannen. Ho la til grunn at mannen ed fleire tidlegare høve er domfelt for ulike brot på trafikklovgivinga.

Men rettens fleirtal, med fagdommar Sigrid Haanes Marton i spissen, landa på at samfunnstraff var det mest rette for vedkommande. Mannen la i retten også til grunn at han ville akseptere samfunnsstraff, som han altså nå er idømt, med ei gjennomføringstid på 120 dagar.

Sveibuen må dessutan klare seg utan førarkort i 22 månadar, og han må ta ny full førarprøve før han får fornya førarrett.

Powered by Labrador CMS