nyhende

Sveibu blir ny Sildajazz-sjef

Terje Ekrene Vik er tilsett som dagleg leiar for Sildajazz frå 1. desember. Han har budd på Austlandet dei siste 20 åra, men kjem opprinneleg frå Sveio.

Publisert Sist oppdatert

I dag er han på dagstur i Haugesund, og tida vil bli brukt til møter, helsa på folk og ein tur innom Radio102.

– Det blir fint å kunna snakka ope om at eg har fått jobben, ler den komande Sildajazz-sjefen.

Etternamnet avslører at han har band til Ekrene og Sveio. Dialekten også, sjølv om enkelt ord er litt avslepne etter 20 år på Austlandet.

På barneskulen gjekk han på Vikse, og ungdomskuletida var i Sveio. Då det var tid for vidaregåande, var han ein liten tur innom Vardafjell før han fann ut at Skeisvang passa best.

Skal bu på Ekrene

– Eg er er fødd og oppvaksen på Ekrene, og garden til besteforeldrene min er den første du kjem til når du svingar inn på Rophusvegen. Der skal eg også bu når eg er på denne sida av fjellet. Eg kjem til å pendla og bu 14 dagar her og 14 dagar på Hvidsten utanfor Oslo. Når det nærmar seg festivalveka er eg budd på at det kjem til å endra seg, seier Ekrene Vik.

Han er 82-modell og har sambuar og ei dotter på 13 år.

Han kjem frå stillinga som dagleg leiar i Blå Booking. Han har tidlegare vore bookingansvarleg på speleplassen Ingensteds i Oslo, og har eit stort nettverk i musikkfeltet. Ekrene Vik har også i ei årrekke drive plateselskapet Sheep Chase Records, som har fått solid anerkjenning innan ei breidde av sjangrar, skriv Sildajazz i ei pressemelding.

– Pendling og fleksibilitet gjer at eg kan halda kontakt med det eg har drive med dei siste 20 åra. Vera tett på sentrale delar av musikkmiljøet og bransjen i Oslo samstundes som eg jobbar med festivalen. Det trur eg vil vera eit pluss for Sildajazz også, seier Ekrene Vik.

Gler seg stort

Han har ein bachelor i kultur og leiing frå BI, og mange års erfaring frå bokbransjen og Aschehoug forlag. Mange kjenner han nok frå tida bak platedisken, som starta på Shabby Records i Haugesund, før han sette kursen austover og planta seg bak disken på platebutikken Tiger.

No gler han seg stort til å landa i gamle heimtrakter, og til å ta over etter sittande dagleg leiar Andreas Risanger Meland. Dei skal ha ein overlappingsperiode i desember.

– Mykje er gjort og blir gjort i desse dagar for neste års festival, så det første året blir ikkje det travlaste. Eg likar veldig godt det Andreas har gjort med Sildajazz, og me overlappar på mykje i forhold til både å dyrka jazzen og ha stor sjangerbreidde. Ikkje minst å bruka byen på ein leiken måte og skapa gode arrangement for alle, også barn og unge. Eg er ambisiøs på Sildajzz sine vegne, og ser fram til å utvikla festivalen vidare, seier Ekrene Vik.

– Skilde seg klart positivt ut

Styret i Sildajazz søkte denne gongen nasjonalt etter ein leiar med relevant arrangør- og administrasjonskompetanse.

– Responsen på stillingsutlysninga var over all forventing og viser at Sildajazz blir sett på som ein spennande festival og har ein solid posisjon nasjonalt, Terje skilde seg klart positivt ut i søkarbunken, og med han bak roret føler eit samrøystes styre seg trygg på at både kompetanse og engasjement for festivalen er ivaretatt, seier styreleiar Rune Hagland.

– I dei beste hender

Andreas Risanger Meland avsluttar sitt 4-åringe åremål ved årsskiftet.

– Eg skal ikkje legga skjul på at det sikkert blir litt emosjonelt å gi vidare stafettpinnen etter fire år med energisk innsats. Men eg er svært begeistra over at ein så kompetent, driftig, sympatisk og samarbeidssøkande person som Terje fekk jobben. Eg er overbevist om at Sildajazz er i dei beste hender, seier Risanger Meland.

– Kva skal du gjera etter nyttår?

– Då går eg inn i ei spennande stilling som programansvarleg på Haugesund Folkebibliotek. Der skal eg styra med alt som handlar om arrangement, og aktivitetsnivået kjem til å vera høgt. Den transformasjonen biblioteket har vore gjennom dei siste åra har vore utruleg gledeleg, og eg er imponert over kva ein har fått til med avgrensa ressursar. Eg gler meg stort til å bli ein del av laget til det eg meiner er byens viktigaste og mest inkluderande kulturinstitusjon, seier Risanger Meland.

Sosialt høgdepunkt

– Du har tidlegare sagt ut du ser fram til å ha sommarferie igjen. Blir det meir tid til andelslandbuk i Sveio også?

– Andelslandbruket har vore utroleg viktig for meg i dei intense åra eg har vore gjennom i min noverande jobb. Å grava i jorda gir fred i sjela, men like viktig har det vore å få vera saman med andre likesinna og få påfyll. Det har vore eit sosialt høgdepunkt i løpet av veka. Eg trur eg har ein god oppmøtestatistikk så langt, og den har eg som mål å følga opp også framover, seier Risanger Meland.

Powered by Labrador CMS