nyhende
Sveibu blir lånt ut til trønderklubb
Fotballspelaren Tobias Kvalvågnes Guddal (19) frå Sveio kjem til å få høyre mykje trøndersk dialekt på det som blir heimebanen hans denne sesongen.
19-åringen frå Sveio er under kontrakt med 1. divisjonsklubben Bryne ut 2024, men blir å finne i trøya til 2. divisjonsklubben Levanger i sesongen som kjem.
— For å få få meir kamperfaring og speletid er det rett at han også i år tek turen til ein annan klubb. Det har vore god dialog mellom Bryne FK og Levanger FK undervegs i prosessen, og vi er nøgde med å få til ein god avtale for Torbias, Levanger FK og Bryne FK for 2023-sesongen, skriv Bryne FK på si nettside.
Sveibuen seier til nettsida at det blir spennande med eit år i Trøndelag.
– Levanger er kjent for å utvikle spelarar. Det skal bli gøy, og det er dessutan viktig for meg å få speletid for eigen utvikling, seier 19-åringen sjølv.
I fjor spelte han nokre kampar for Bryne, før han vart leigd ut til 2. divisjonsklubben Notodden kor han spelte 10 kampar.
Levanger FK skal reise på kryss og tvers over heile landet for å spele sine kampar i 2. divisjon avdeling 2 i år, og det blir turar til alt frå Bergen og Sotra i Vest til Alta i nord og Halden i sør: