nyhende
Svakheit i røykvarslarar kan føra til brann
650 000 røykvarslarar i Noreg bør skiftast ut. Grunn: Ei designsvakheit gjer at røykvarslarbatteriet kan setjast inn feil, kortslutta og utvikla sterk varme og røyk.
Har røykvarslaren din til 9 volts batteri, men manglar batteripute som hjelper deg å setja batteriet riktig veg? Då bør du skaffa ein ny varslar, meiner styresmaktene og forsikringsselskapet If.
Dei siste åra har det vore fleire tilfelle der røykvarslarar har vorte svært varme og kortslutta. Fleire gonger har det komme røyk. Nokre varslarar har enda opp som forkola restar med svarte svimerke i taket.
Før jul gjekk Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og Direktoratet for byggkvalitet derfor saman ut og åtvara om svakheita i mange røykvarslarar.
Selt i ulike kjeder og på nettet
– Røykvarslarar skal varsla oss om brann, og gi oss nok tid til å komma oss i sikkerheit. Dei skal i alle fall ikkje vera ei mogleg årsak til brann, og me må vera sikre på at dei verkar og kan varsla oss, seier branningeniør Anders Rørvik Ellingbø i forsikringsselskapet If i ei pressemelding.
– Dessverre ser vi at den typen røykvarslarar som bruker batteriet til 9 volt, men som ikkje har batteripute, kan kortslutta. Det er fleire rapportar om at det har utvikla seg sterk varme og røyk når batteriet er sett inn feil veg. Nokre varslarar har vorte forkola. Sjekk røykvarslaren din i dag, og sjå om den har batteripute. Viss ikkje, bør du byta han ut, oppmodar Ellingbø.
Røykvarslarane har blitt selde under ulike merkenamn i butikkjedar og på nettet.
Dette må du sjå etter
- 9 volts batteri er det firkanta batteriet med to polar på toppen som folk flest forbind med røykvarslarbatteri. Det er røykvarslarar som bruker batteriet til 9 volt du må sjekka.
- Batteripute er den vesle delen med leidningar som du løftar forsiktig ut av røykvarslaren for å kopla batteriet til. Han ser nesten ut som han har to auge: Dette er pola batteriet blir festa i, og innretningen er slik konstruert at det er umogleg å setja batteriet feil. Har røykvarslaren batteripute, treng du ikkje byta.
Sjølv om det er tillate å selja røykvarslarar utan batteripute, tilrår styresmaktene at du skiftar ut alle røykvarslarar utan batteripute. Dette gjeld ikkje røykvarslarar som er leverte og monterte av alarmselskap eller røykvarslarar som nyttar andre typar batteri enn 9 volt.