nyhende

Svært nøgd etter opningshelga

Sist helg opna Aktiv Caravan Haugalandet eit komplett bubil og caravansenter på Hanaleite.

Publisert Sist oppdatert

Laurdag var det god stemning, tilnærma ein liten folkefest i Hanaleite næringspark. Kundar og bekjente kom med bubil og rigga seg til utanfor lokala til det nye caravansenteret.

Tidvis kø

– Opninga gjekk over all forventning, med kontinuerleg kundar innom frå torsdag til søndag, opplyser marknadsansvarleg Aktiv Caravan, Kine Midtun Skage.

Ho fortel vidare at det tidvis var kø gjennom heile utstyrsbutikken med kundar som ville kjøpa varer, i tillegg til at dei selde to bubilar.

– Heldigvis var kundane flinke til å halda god avstand, slik at det var mogleg å gjennomføra opninga i trygge rammer, fortel Midtun Skage.

Liv og røre

Også avdelingsleiar Øystein Tveit er svært nøgd etter opningshelga som starta alt på torsdagen.

– Det var skikkeleg liv og røre, med folk både frå Sveio og kommunane rundt. Folk koste seg og gav uttrykk for at dette var eit etterlengta tilbod som dei hadde sett fram til lenge. Me fekk også mykje skryt for butikken vår, seier Tveit.

No blir det påfylling av varer og klargjering for ein hektisk sesong. Det gler han seg til.

Dronebilete som viser Hanaleite næringspark, med nykomaren Aktiv Caravan nærast.
Powered by Labrador CMS