nyhende

– Svært låg risiko for menneske

Fugleinfluensaen herjar blant måsar i Finnmark. Sjukdommen kan smitte til menneske, men Folkehelseinstituttet (FHI) meiner førebels at risikoen er svært låg.

Publisert Sist oppdatert

– Det er eit litt sånn kommunikasjonsdilemma. Risikoen for å bli smitta er svært låg, men dei svært få som blir smitta, kan bli veldig sjuke, seier overlege Bjørn Gunnar Iversen i Folkehelseinstituttet til NTB.

Han fortel om statistikk som viser at halvparten av dei som blir registrerte sjuke, døyr.

I perioden 2003 til 2023 har Verdshelseorganisasjonen rapportert om 868 laboratoriestadfesta tilfelle frå 21 land. Av desse var det 457 som døydde.

– Men vi trur den statistikken er litt skeiv, sidan dei som får milde symptom, kanskje aldri blir registrert, seier Iversen.

Aldri påvist hos menneske i Noreg

Han påpeikar at fugleinfluensa aldri har vorte påvist hos menneske i Noreg, trass i fleire utbrot blant fuglar sidan 2020.

Dei siste vekene har sjukdommen spreidd seg kraftig hos måsar langs kysten i Noreg. Aust-Finnmark og Vadsø kommune er desidert hardast ramma.

Sidan 14. juli har kommunen samla inn rundt 10.000 døde fuglar, dei fleste måsar av den trua arten krykkje.

Godt verna mot smitte

– Det er klart at dei som hjelper kommunen med å samle inn dei døde fuglane må vere godt verna mot smitte. Men viss du finn ein død måse på stranda, så er det ikkje sånn at viruset hoppar opp på deg, seier overlegen.

Det viktigaste er å verne seg mot støv eller dropar frå dei døde fuglane, noko ein ikkje ønskjer inn i luftvegane.

– Det kan verke litt motsetningsfylt når vi seier det er svært låg risiko for menneske å bli smitta, og så ser du bilete av folk med kvite drakter, hanskar og munnbind, som minner mest om mordscener. Men det handlar altså om eit føre-var-prinsipp for å verne dei som står midt oppi det.

Kan mutere

Viruset muterer heile tida og endrar seg bitte litt når nye virus blir danna og spreidde til nye mottakarar. Med stadig fleire sjuke fuglar aukar også danninga av nye virus.

– Men vi har førebels ikkje sett nokon teikn til at viruset endrar seg på ein måte som lettare gir sjukdom hos menneske, seier Iversen.

Det er også slik at viruset i si noverande form nesten umogleg kan smitte frå menneske til menneske, mellom anna fordi smitten blir spreidd gjennom virus i støv eller aerosolar som må langt ned i luftvegane.

Bekymra for at smitte kjem sørover

Dette er også årsaka til at risikoen blir rekna som svært låg ved eit utandørs utbrot slik som i Vadsø. Ute i friluft blir støvmengda fortynna, og mykje bles bort.

– Det ein er meir bekymra for, er jo om fuglane etter kvart trekkjer sørover til område som Jæren og Rogaland, der det er veldig mykje kommersielt fjørfehald, seier han.

– Inne i eit hønsehus med tusenvis av fugl vil ein ha mykje støv og fjør, og risikoen er relativt sett mykje større for smitte til menneske. Då er det spesielt viktig med godt vern, seier Iversen.

Powered by Labrador CMS