nyhende

Sindre Vikanes fortel at dei har busett flyktningar som allereie har kome. No ber IMDi kommunane om å ta i mot fleire flyktningar.ARKIVFOTO: NAV
Sindre Vikanes fortel at dei har busett flyktningar som allereie har kome. No ber IMDi kommunane om å ta i mot fleire flyktningar.

Svært låg arbeidsløyse i Sveio

I Sveio, som i resten av Sunnhordland, er det berre éin prosent av arbeidsstyrken som står registrert heilt ledig i februar.

Publisert Sist oppdatert

— Det er klart gode tider for sveibuen i dagens arbeidsmarknad. Arbeidssøkarane i Sveio har spesielt gode mogleheiter, då kommunen soknar til to arbeidsmarknadsregionar, og det går bra i dei begge, seier Sindre Vikanes, NAV-leiar i Sveio.

Vikanes meiner det er store moglegheiter i den lokale arbeidsmarknaden.

— For alle dei me er i kontakt med som treng meir hjelp for å koma i arbeid, trur eg tida er moden for å be verksemdene møta oss til dialog kring korleis me saman kan finna måtar å dekka arbeidskraftbehovet på, seier Vikanes.

Lågare enn fylket og landet elles

I februar registrerte NAV 1 prosent heilt ledige i Sunnhordland. Det er ein nedgang på 56 heilt ledige personar i høve januar.

— Talet heilt ledige er på nytt veldig lågt i Sunnhordland, og mykje lågare enn kva tilfelle er for fylket forøvrig og landet elles med høvevis 1,8 og 1,9 prosent ledige. Me ser dette i samanheng med høg aktivitet i det lokale næringslivet, og særleg industrien, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.

Mange utlyste stillingar

For månaden februar registrerer NAV i region Sunnhordland samstundes 521 utlyste stillingar.

— Deler av den høge etterspurnaden er i relasjon til lærling- og sommarjobbutlysningar. No er det er viktig at ungdommen i regionen er vaken i høve moglegheiter fram i tid. Samstundes kjenner me til at fleire verksemder slit med å få tak i den rette kompetansen, seier Lægreid.

NAV si bedriftsundersøking

I desse dager er eit utval verksemder i heile landet, også nokre i Sunnhordland, vald ut til å svara på NAV si årlege bedriftsundersøking. Den skal kartlegga sysselsettingsutsiktene til verksemdene, samt om verksemder har hatt utfordringar med å rekruttera ønska kompetanse.

— Det er viktig at dei utvalde verksemdene svarar, og resultata er av betydning for oss. Me brukar resultata i høve lokalt strategiarbeid, planlegging av bedrifstkontakt- og aktivitetar, og for å målretta tiltak etter behov i arbeidsmarknaden, seier Lægreid.

Verksemdene er gitt frist til 13. mars med å svara. NAV presenterer resultata frå undersøkinga 9. mai.

Powered by Labrador CMS